25/06/2019
Med vemodige kjensler flytter me frå Sogndal – vekk frå noko av verdas beste stiar, og lidenskapleg interesserte syklistar, til verdas vakraste bygd: Voss!
Sogndal og Sogn har gjeve FLX Sykling ein stor boost, og erfaringar som blir teken vidare og attende til Voss. Med eit travelt år framover vil kapasiteten for service vera lågare enn elles, men framleis mogleg!
Ein stor takk går ut til alle trufaste kundar i Sogndal, takk! Takket vera Stian Lie har Intersport Sogndal også høg kompetanse i sykkel, han er ein dyktig mekanikar som kan minst like mykje som meg, og anbefalast på det varmaste. Viss du treng service medan du er på Voss, lyt de berre sei ifrå (etter at all flytting, verkstaden og jobb er på plass 😉).
Me sjåast!