21/05/2026
Vill pesto som smakar vilt godt!! 🌿 💚 Eg berre seier: kom deg ut og plukk nesle og skvallerkål, og fem minutt etterpå (ok, kanskje 10 😅) så har du DEN grøne, mjuke, nydeleg smakfulle, ville pestoen av nesle og skvallerkål som er dødsgod til pasta, rett på knekkebrød, oppå diverse pålegg, og ikkje minst: bruk den på pizzabunnen! 😋
Nesle- og skvallerkålpesto (min favorittpesto 💚):
- 1 liter friske skot av nesle og skvallerkål (eg tek ¾ nesle og ¼ skvallerkål, men her er det berre å leike seg med mengdene. Pass på å ta berre dei to-tre øverste skudda av nesle så det ikkje blir så mykje fibertråder frå stilk)
- 4 båtar kvitløk
- 1 dl cashewnøtter (eller valnøtter, mandlar, pinjekjerner)
- 50 gram riven ost, gjerne lokal ost, hard type (eller parmesan)
- 1 dl olivenolje (juster mengde om behov)
- Skvis oppi litt økologisk sitron
Plukk og deretter skyll nesle og skvallerkål. Forvell eit par minutt, sil og knip godt ut vatnet. Hakk grovt opp plantene. Ha alle ingredienser i ein hurtigmikser og køyr det til alt er fint blanda og malt opp. Ha på reine glas og et med stor vårglede 🥰
Og, det er ikkje berre god smak og sunn mat dette! Denne grøne kraftpestoen gjer godt for hud og hår også. Nesle er superrik på mineral som silisium, jern og kalsium, som støttar både hudens struktur og hårvekst, den nærar frå innsida og kan bidra til sterkare hår og meir glødande hud. Skvallerkål er mildt reinsande og rik på vitamin C – ein viktig byggestein for kollagen, som held huden spenstig og levande. Bruk gode nøtter som tilfører sunne feittsyrer som gir næring til hudbarrieren og kan bidra til mjukare hud og meir glansfullt hår. Saman blir dette vilt bra skjønnheitsmat frå naturen 🌿