Mylnå Volda

Mylnå Volda Mylnå i Volda har tradisjonar frå 1864, då den vart bygd ved Øyraelva, og vart driven med vasskraft.

Seinare vart utstyret flytta til Dalebuda på Rotset, der ein dreiv til bygget brann ned til grunnen 13.12.1936. Aksjeselskapet Volda Elektriske Mylne AS vart skipa i 1930, og noverande mylnebygg stod ferdig i 1937. Mylnå vart bygd som ei moderne bygdemylne, der 3 kverner stod på rekke, med drift frå ein underliggande drivaksling. To av desse kvernene er framleis i drift, den tredje vart fjerna und

er byggeprosessane på 80-talet, men vart restaurert att i 2010. Av andre maskinar som har vore i drift frå 1937 kan nemnast valsestolen, skalmaskina og den elektriske platetørka. Volda Elektriske Mylne har i mange år no vore den einaste som er att med utstyr, kompetanse og prosessar frå 1930-talet som framleis er i kommersiell matmjølproduksjon. Her tek ein vare på gamle tradisjonar, handverk og produkt samstundes som ein arbeider aktivt med nye idear og råvarer. Det er moro å kunne stadfeste at dette gamle utstyret kan male t.d. fiberikt korn, mask (bryggeriavfall) og blad og skot av lauvtre til fint mjøl utan å måtte sikte bort noko. Dette let seg ikkje gjere i den moderne mølleindustrien eller på moderne steinmøller, og er ein av grunnane til at enkelte mjølslag frå Mylnå kan vere ulikt mjøl frå andre møller.

Endå ei omvising på Mylnå, denne gongen ein artikkel i lokalavisa i Volda, Møre, med intervju 9. klassingar frå Volda un...
29/01/2026

Endå ei omvising på Mylnå, denne gongen ein artikkel i lokalavisa i Volda, Møre, med intervju 9. klassingar frå Volda ungdomsskule. Ei lita presisiering: dei store, støypte møllesteinane inneheld ikkje diamantar, men korund, smergel eller flint. Korund (hardheit 9) er eit mineral som liknar på diamant (hardheit 10). Smergel (slipemiddel) er finkorna, urein korund, og den er mest brukt i møllesteinar. Beklagar dårleg biletkvalitet .

https://www.nrk.no/video/skuleelevar-besoker-noregs-siste-bygdemolle_1df0831a-2593-4ba3-8636-7851e1bfd987Her på Mylnå ha...
27/01/2026

https://www.nrk.no/video/skuleelevar-besoker-noregs-siste-bygdemolle_1df0831a-2593-4ba3-8636-7851e1bfd987
Her på Mylnå har vi i det siste hatt besøk av alle 9. klassene ved Volda ungdomsskule. Vi set pris på å få vise denne kulturskatten fram til dei unge, og samtidig få fortalt litt om historia, mjølproduksjonen, maskinane og dei ferdige mjølprodukta. Ekstra stas var det å få med seg NRK ein av dagane. Takk til interesserte lærarar og elevar, samt Sparebank 1 SMN som støtta prosjektet.

Videoklipp fra NRK

Sende to pallar mjøl i dag med Veøy Møre. Den største gjekk så vidt inn i bilen. Godt at det finns daglegvare, hotell og...
18/08/2025

Sende to pallar mjøl i dag med Veøy Møre. Den største gjekk så vidt inn i bilen. Godt at det finns daglegvare, hotell og bakeri som set pris på lokalmat og tradisjonsrike produkt.

Har hatt 3 flotte dagar denne veka med kafe og steinomnsbakte brød frå Ålo Bakstekjeller, i nydeleg sørlandsver. Her kom...
18/07/2025

Har hatt 3 flotte dagar denne veka med kafe og steinomnsbakte brød frå Ålo Bakstekjeller, i nydeleg sørlandsver. Her kom mylnemjølet til sin rett frå kanskje landets eldste bakaromn. Kjempekø, og alt av brød, bollar og lappar vart utselt. Også mange salsboder der dyktige handverkarar selde utruleg flotte produkt.

Siste to vekene har vi hatt omvising på Mylnå nesten kvar dag av 9. klassingar frå Volda. Vi har fått mange positive til...
15/01/2025

Siste to vekene har vi hatt omvising på Mylnå nesten kvar dag av 9. klassingar frå Volda. Vi har fått mange positive tilbakemeldingar, og omvising av ungdomar er kjekt og interessant for oss på Mylnå også. Ekstra kjekt er det når elevane får prøve å utføre enkelte oppgåver, som å løfte på plass tunge storsekkar, flytte på tunge mjøltraller eller å pakke havregryn. Klassene er delte i to, og det blir ein høveleg gjeng å vise anlegget til. To korte animasjonsfilmar forklarer litt av det som skjer gjennom etasjane i det gamle mylnebygget, samt litt om det internasjonale Economusee-nettverket ("Handlaga") som Mylnå er medlem i. Anlegget må vere ute av drift under omvisinga, likevel kunne vi tilby gratis omvising etter avtale med Sparebanken Møre.
Vi håper vi kan få vidareført avtalen med banken slik at vi kan ta i mot fleire elevar, sidan det er så lite att av matmjølproduksjon oppover Vestlandet.
Vedlagde artikkel er frå avisa Møre-Nytt.

Mylnaren Thomas har laga pizzamjøl til jubileumet til Sunkost Volda 🥳Vi skal bake pizza av mjølet slik du får smake! 🤌🍕 ...
23/10/2024

Mylnaren Thomas har laga pizzamjøl til jubileumet til Sunkost Volda 🥳
Vi skal bake pizza av mjølet slik du får smake! 🤌

🍕 GRATIS PIZZA 🍕
Tid :Fredag 25.okt - laurdag 26.okt frå kl 11-16.
Stad: Sunkost Volda

MYLNÅ PIZZAMJØL ER:
✅️ Norsk og økologisk
✅️ Sikta spelt og kveite
✅️ Ikkje tilsatt ekstra gluten eller Stivelse
✅️ Ikkje ultraprosessert
✅️ Heimelaga på gamle steinkverner

Vi skal lage heimelaga økologisk pizza baka på pizzamjøl og Janne's pizzakrydder.
Det blir heimelaga saus, og heimelaga dressing!!

Topping på pizza blir laga bl.a av lokal kjøttdeig og spekepølse. Ingenting tull altså! 😍🍕✨️🤌
Menyen kjem snart!

KJEM DU?

Bilde frå dagens "Møre". Omvising på Mylnå, litt risikabelt sidan vi ikkje hadde påmelding. Men ca 30 møtte fram og vi f...
02/08/2024

Bilde frå dagens "Møre". Omvising på Mylnå, litt risikabelt sidan vi ikkje hadde påmelding. Men ca 30 møtte fram og vi fekk med alle opp gjennom etasjane. Kjekt å vise fram dette sjeldne anlegget til ei så interessert forsamling. Vi kjem til å ha fleire slike arrangement framover. På neste runde blir møllaren Thomas også med, så kanskje vi kan starte opp ein maskin eller to, og la dei besøkande smake på heilt ferske platetørka havregryn?

På laurdag har vi Omvising på Mylnå 🌾 og kjører eit lokalt dagstilbod hjå Sunkost Volda på godt Mylnåmjøl 😁🍏Plukk og mik...
25/07/2024

På laurdag har vi Omvising på Mylnå 🌾 og kjører eit lokalt dagstilbod hjå Sunkost Volda på godt Mylnåmjøl 😁🍏

Plukk og miks 1kg Mylnåmjøl
Kjøp 4 - få med den 5. Gratis

Ps: Tilbodet gjeld berre laurdag 27.juli

Blir du med på Omvising på Mylnå 🌾 ?●Tid: Laurdag 27.juli kl 13.00●Stad: Sunkost Volda ●Pris: 100,- Hjå Sunkost Volda  f...
24/07/2024

Blir du med på Omvising på Mylnå 🌾 ?
●Tid: Laurdag 27.juli kl 13.00
●Stad: Sunkost Volda
●Pris: 100,-

Hjå Sunkost Volda får du dagsferskt mjøl rett frå Mylna som smakar like godt som det gjorde for 100 år sidan🌾

Vi tek vare på norsk kulturarv med å halde liv i den siste gamle bygdemølla frå 1930-talet. ❤️

Her produserar vi framleis næringsrikt mjøl på gamle steinkverner og anna utstyr. På omvisinga får du sett og høyrt kvifor Mylnå er så unik. Mylnar, Elias Moe, er klar til å vise deg rundt frå kl 13.00.

●Pris: 100,-
(Betaling på kassa til Sunkost Volda ved oppmøte)

Kvifor velje mjøl frå Mylnå?

🇧🇻 Vi nyttar berre norsk korn
🌿 Det meste er økologisk
❤️ Reine råvarer
🚫 Mjølet er ikkje ultraprosessert eller klorbleika, eller tilsett ekstra gluten.
👌Smak av historie og norsk kulturarv
🌾 Næringsrikt
🌍 Miljøvenleg og bærekraftig
🥇 Prisvinnande mjøl og havregryn
✅️ Unikt handverk

Kjøp Mylnåmjøl og støtt norsk landbruk.
Ta turen innom vår mjølavdeling og få god produktveiledning.
🤑Ps: Vi har fast rabatt på kartong og sekk i større kvantum.

🏆 Årets Miljøbedrift 2018
"Mylnå er en viktig inspirasjon til hvordan matproduksjonen i Norge kan være i framtiden"
- Norsk miljøpsykologisk nettverk

Blir du med på omvising på Mylnå? 🙋‍♀️
●Tid: Laurdag 27.juli kl 13.00
●Stad: Sunkost Volda
●Pris: 100,-

Er du klar til ei historisk Omvising på Mylnå 🌾 ?😍No får du sjansen til å få sjå eit unikt produksjonsanlegg med sjeldne...
23/07/2024

Er du klar til ei historisk Omvising på Mylnå 🌾 ?😍

No får du sjansen til å få sjå eit unikt produksjonsanlegg med sjeldne maskiner og utstyr frå 1930-talet.
Mylnå er den siste igjen av 500 slike møller.

Vi er lidenskapeleg opptekne av norske råvarer som ikkje er ultraprosessert eller inneheld tilsetningsstoff.🇧🇻

Her vil du få høre om både historie og produktkvalitet som skil seg frå den moderne mølleindustri. 🌾

Mylnar; Elias Moe, er klar til å ta med på ei runde i anlegget frå kl 13.00.
Egner seg for store og små.

🌾Tid: Laurdag 27.juli
🌾Kl: Frå 13.00
🌾Pris: 100,-
🌾Stad: Sunkost Volda

Du får:
🍏Servert Janne's chiagraut laga på platetørka havregryn frå Mylnå.
🍏 Gratis kopp kaffi/te
🍏 Gode tilbod i butikken

Ta turen innom Sunkost Volda 🍏
17/07/2024

Ta turen innom Sunkost Volda 🍏

Adresse

Hamnegata 16
Volda
6100

Åpningstider

Mandag 10:00 - 17:00
Tirsdag 10:00 - 17:00
Onsdag 10:00 - 17:00
Torsdag 10:00 - 18:00
Fredag 10:00 - 17:00
Lørdag 10:00 - 16:00

Telefon

+4770055510

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Mylnå Volda legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Mylnå Volda:

Del