Bok og Blome

Bok og Blome Bok og Blome er ein butikk som sel avleggjarar, stiklingar, potteplantar og bøker av forfattarspire.

På grunn av pandemien let Bok og Blome vente med offisiell opning. Til dess er det berre å ta kontakt om du ynskjer å kjøpe ei bok eller blome.

Bok og Blome har sin fyrste litle pop-up, no og fram til kl.16 :)
03/09/2020

Bok og Blome har sin fyrste litle pop-up, no og fram til kl.16 :)

Femte bok til sal i Bok og Blome er av Ingrid Tørresvold. I "Hilsen Ruth" erklærer myndighetane unntakstilstand. Det er ...
23/04/2020

Femte bok til sal i Bok og Blome er av Ingrid Tørresvold.
I "Hilsen Ruth" erklærer myndighetane unntakstilstand. Det er hetebølgje, og vatnet i kranane stenges av. Og utanfor byen spreie skogbrannane seg. I boka møter med Ruth som er 39 år gamal og jobbar på kafé. I motsetning til dei fleste andre som dreg nord over, kvar det er meir levelege forhold, blir Ruth att i byen. Ho ser moglegheit i krisa. Den gjer det mogleg for ho å utnytte det fellesskapet som oppstår.
Hilsen Ruth handlar om kva me søkjer mot når krisa er eit faktum.

Cappelen Damm

Bok og Blome har ny heimeside :)
18/04/2020

Bok og Blome har ny heimeside :)

Skal det vera ei bok, ein blome, eit bokmerke eller eit kort :)
13/04/2020

Skal det vera ei bok, ein blome, eit bokmerke eller eit kort :)

På grunn av pandemien let Bok og Blome vente med offisiell opning . Til dess er det berre å ta kontakt om du ynskjer å k...
22/03/2020

På grunn av pandemien let Bok og Blome vente med offisiell opning . Til dess er det berre å ta kontakt om du ynskjer å kjøpe ei bok eller blome. Bok og Blome leverar i Trondheimsområdet.

Fjerde bok til sal i Bok og Blome er ”Epikrise” av Marit Daaland Lesjø. ”Epikrise” er ei slags kjærleikshistorie, med al...
21/03/2020

Fjerde bok til sal i Bok og Blome er ”Epikrise” av Marit Daaland Lesjø. ”Epikrise” er ei slags kjærleikshistorie, med alt anna enn ein lykkeleg slutt. Det handlar om ei 28 år gamal kvinne som har vore innlagt på grunn av ein bipolar episode med både maniske og depressive symptom. Ho er redd for å knytte seg til nokon, ho prøvar berre å vera kul, men er inst inne veldig einsam. Ho søkjar tilknyting, på same tid prøvar ho å bevara eigne grenser. Ho klarar ikkje å regulera kjenslene sine, og det gjev store problem i relasjonar. Boka er skreve i brevform til psykiateren, kva som faktisk hende før ho vart innlagt.

ASCHEHOUG FORLAG

Bok nummer tre til sal i Bok og Blome er diktsamlinga ”Blø meg sakte ut” av Endre Tveit. Boka sin hovudkarakter har nyle...
20/03/2020

Bok nummer tre til sal i Bok og Blome er diktsamlinga ”Blø meg sakte ut” av Endre Tveit. Boka sin hovudkarakter har nyleg mista far sin og han og mora går kvar igjennom ein sorgprosess. Frå boka: ”eg samlar padder frå vegen, turre paddeflate flak av liv knuste under bilhjul. Padder er ikkje som froskar, dei hoppar ikkje vekk når dei ser farar. dei blæs seg opp, gjer seg store. freistar gjera seg større enn maskinene som kjem mot dei”

Det Norske Samlaget

Bok nummer to til sal i Bok og Blome er ”Rosehagtornen” av bokdebutant Helga Songøygard Battin. I boka møter me paret Ti...
19/03/2020

Bok nummer to til sal i Bok og Blome er ”Rosehagtornen” av bokdebutant Helga Songøygard Battin. I boka møter me paret Tilia og Adrienne, kvar Adrienne byrjar å ynskje seg born, medan Tilia ynskjer seg mest av alt eit tre, ein rosehagtorn. For Tilia er det krevjande å vera vaksen, medan Adrienne er sikker på alt. Då er det enklare å omgje seg med plantar: Dei slår rot og veks og blømar.
Utdrag frå boka:
”Vi burde ha ete frøa i staden for å legge dei i jorda. Solsikkefrø er fulle av sunt plantefeitt. Men Andrienne seier vi må så for å få.”

Det Norske Samlaget

Her er dei fyrste bøkene som er til sal i Bok og Blome, dei kom i dag i strålande sol, tre eksemplar ”Felt” av bokdebuta...
19/03/2020

Her er dei fyrste bøkene som er til sal i Bok og Blome, dei kom i dag i strålande sol, tre eksemplar ”Felt” av bokdebutant Vilde Fastvold
I ”Felt” møtar me Fam som er antropologistudent. Ho dreg på feltarbeid til Martinique som har vore fransk koloni sidan 1600-talet. Øybuaranes forhold til kolonimakta er noko av det ho skal undersøkja. Kanskje tenkjar ho at ho har reist til ein stad der andre reglar gjeld, og det ho gjer der har ingen konsekvensar for hennar eige liv heime, for med den antropologiske metoden, ein blanding av intimitet og instrumentalitet møter ho ein øybuar og det skjer gjensidig tiltrekking, men ho gjer han til objekt for hennar akademiske utfolding, noterar og studerer han i skjul. Ein skal ikkje liggje med informanten, eller? Boka rører ved kolonialisme, rasisme og blikket på den andre.

Vilde Fastvold
Gyldendal Norsk Forlag

Adresse

Fagerheim Alle 99
Trondheim
7040

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bok og Blome legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Bok og Blome:

Del