Hardhaus

Hardhaus Hardhaus er ein sportsbutikk dedikert til bratt friluftsliv, sommer som vinter.

Med butikk i hjarte av Sunnmørsalpane hjelp vi deg finne det perfekte turutstyret. Topptursspesialisten: Hardhaus er forhandler av nokre av dei sterkaste merkevarene innanfor fjellsport i Norge. Vi tilbyr utstyr av høg kvalitet og samarbeidar tett med profesjonelle leverandørar og lokale fjellfolk som set funksjonalitet og slitestyrke i høgsete. Butikken ligg i hjarte av Sunnmørsalpane, der utstyret blir herja med og testa av lokale hardhausar.

23/04/2024

Informasjon om avreise.

Det blir satt opp buss med avgang frå Aursnes ferjekai kl 08, og ein buss frå Godsterminalen/kaitrappa i Sykkylven kl 8.
Neste stopp blir Essostasjonen på Stranda kl 8.30
Ankomst Fivelstad kl 09.30

Vi treng følgjande informasjon frå deg:

1. På kven av desse stadane møter du opp til avreise?
Aursnes
Godsterminalen/kaitrappa
Stranda (esso)
Fivelstad

2. Retur frå Trandal. Skal du bli med til:
Sykkylven
Magerholm
Ordner skyss sjølv

Send denne informasjonen til [email protected] så raskt som råd.

Mvh
Arrangør

ÅRETS VAKRASTE EVENTYR 27 APRIL 2024Overgangstur Fivelstad-Leira/TrandalHardhaus, Hjørundfjord Mountain guide og sjølvas...
10/03/2024

ÅRETS VAKRASTE EVENTYR 27 APRIL 2024
Overgangstur Fivelstad-Leira/Trandal

Hardhaus, Hjørundfjord Mountain guide og sjølvaste grillandslaget inviterer til guida sosialtur på ski til Hjørundfjorden. I tett samarbeid med Christian Gaard på Trandal.

I år prøvar me ein ny variant av årets Hardhaustur.
Bussavgong frå Aursneset kl. 0800, med påfølgjande stopp i Sykkylven og på Esso på Stranda. Me startar på Fivelstad. 322 moh. og går opp mot Blæja 1420 moh. Dette er ei etappe som går i snilt terreng men det er ei stigning på over 1000 høgdemeter så ein må vere i nokolunde fysisk form. Deretter sklir me tilbake mot Kårdalsskaret 1341 moh og tek sikte på ryggen opp mot Kardalstindane 1469 moh. For dei som ynskjer ein kortare variant kan ein køyre på ski direkte ned i Kårdalen og droppe Kårdalstindane. Ein anna variant går via det skjeldant besøkte Høghornet 1319 moh.
På ryggen opp mot Kårdalstindane tek me skia på sekken og ber dei til topps. Denne ryggen har ei stigning på omlag 150 høgdemeter. Her vil det bli trakka gode spor av guidane då denne ryggen kan opplevast som utfordrande.

Frå toppen av Kårdalstindane har me den beste utsikta over Hjørundfjorden. Ein lokal høvding sa ein gong : “Herifrå ser me pinade heilt til bya”
Skikøyringa herifrå og ned i Kårdalen er spesiell. Utsikta er fantastisk og Hjørundfjorden ligg under deg.
Me Køyrar på ski så langt det let seg gjere men siste stykket ned mot Leira må me nok bere skia. På Leira møtast me på kaia, der Ole Ringdal og kokkelandslaget serverer grillpølser. Her vil det også verte mogelegheit for å få seg noko godt å drikke.
Me vert henta med båt på Leira og køyrd til Christian Gaard der det vert servert mat og drikke i verdsklasse. Utpå kvelden blir det som vanleg høg stemning med musikk ut i dei små nattetimar før me verte køyrd med båt attende til Sykkylven.

Pris kr 2490,- pr person, Dette omfattar: Busstransport til Fivelstad, Guida tur over til Leira, fjordlunsj servert av Ole Ringdal og middag på Christian gaard. Skyssbåt attende til Sykkylven er sjølvsagt med.
NB! Begrensa antall plassar.
Påmelding til
[email protected]
Info på tlf: 45235902 eller 95065934 Hjørundfjord Mountain Guide eller 97521271 Hardhaus

Ditte vert j***a bra.

Er du klar for ein ny tur med oss??!!Fjelltur rundt Skår i Hjørundfjorden19-20 august.Vi har booka oss inn med Johan på ...
08/07/2023

Er du klar for ein ny tur med oss??!!
Fjelltur rundt Skår i Hjørundfjorden19-20 august.
Vi har booka oss inn med Johan på Skår og har denne perla av ein fjordgard til rådigheit i to heile dagar!
Turen inneheld følgande:
Transport med båt Urke-Skår
Guida fjelltur (nærmare beskrivelse frå Jens kjem lenger nede i denne saka)
Overnatting i telt eller i ei av sengene på garden
Tre-retters middag
Frokost
Sjølvsagt garanterer vi god stemning utover kvelden og natta, i kjent stil.
Fjellturen:
Me møtest på Urke kaihus kl 0900 der me vert henta med båt og ført til Skår. Der vert utstyret vårt henta og kjøyrt til gards. Me går opp langs Skåraelva til Skårasetra på god sti. Herifrå går turen via Skåranakken opp mot Likkjehornet (Bjønnøyra). Turen vidare går opp mot Sanden og Maratinden. Om tida tillet det kan me også vitja Søre Skåratind.
Dette er eit svært lite vitja område og utsynet mot Hjørundfjorden er på sitt beste herifrå. Etter tur vert det retur same veg. Når me kjem ned til Skårabakkane vil SkøraJohan servere 3 rettars middag i verdsklasse.
Turen er ikkje teknisk krevjande men me må rekne 7 timar tur/retur.
Pris:
Overnatting i telt Kr 2490,- pr.pers
Overnatting i seng Kr 2990,- pr.pers
NB! Vi har begrensa med plassar og har halvert kapasitet i forhold til vinterturen. Førstemann til mølla!!
Bestilling sendast til:
[email protected]
Info på tlf: 45235902 eller 95065934 Hjørundfjord Mountain Guide eller 97521271 Hardhaus

05/04/2023

Bli medlem av gruppen vår på facebook.
Søk opp Hardhausturen 2023 og be om å bli medlem.

27/03/2023

Grunnet avbestillinger har vi nå tre ledige plasser

22/03/2023

Sjekk eposten din.

Vi holder nå på å sende ut faktura og dermed trenger vi at dere sender inn fakturaadresse og telefonnummer til [email protected], dette må på plass for at din bestilling er endelig bekreftet. Dette må gjøres innen 24.03 om du vil beholde plassen din. Tips gjerne noen i turfølget ditt.

Vi har mottatt betaling fra en del i dag og vil opprette et arrangement på facebook i løpet av kvelden. De som har betalt vil bli invitert dit.

Mvh
Arrangør

21/03/2023

Overgangsturen til Urke - Trandal er fullbooka!

Vi har starta ei venteliste for dei som fortsatt vil vere med, så alt håp er ikkje ute.

Vil du stå på venteliste send epost til [email protected].

21/03/2023

Overgangstur Sykkylven-Urke/Trandal

5 ledige plasser.
Vi har fem ledige plasser til overgangsturen frå Sykkylven til Urke -Trandal 22.apr
Påmelding til [email protected]
Her er det førstemann til mølla.

ÅRETS VAKRASTE EVENTYR 22 APRIL 2023Overgangstur Sykkylven-Urke/TrandalNokon sa at vi ikkje kunne toppe turen i fjor til...
16/03/2023

ÅRETS VAKRASTE EVENTYR 22 APRIL 2023

Overgangstur Sykkylven-Urke/Trandal

Nokon sa at vi ikkje kunne toppe turen i fjor til Trandal…. Vel Espen Pedersen vi har tenkt å prøve vi faktisk! I år skal vi innom både Urke og Trandal.

Hardhaus, Hjørundfjord Mountain guide og sjølvaste grillandslaget inviterer til guida sosialtur på ski til Hjørundfjorden. I tett samarbeid med Christian Gaard og spelemann Frode Hagebakk.

Turen startar på Brunstad i Sykkylven kommune og går innover Velleseterdalen. Her går turen vidare til ulike turmål avhengig av forholda i fjellet. Eksempel på ulike turmål kan vere via gullmordalen til Brunstadhornet og videre ned sykkylvsdalen til Urke eller opp over Storbreskaret med topptur til anten Bjønnatanna eller Store Kløvheitind og nedkjøring til Urke. Om nokon ynskjer og gå sjølve overgangsturen utan å vere innom ein fjelltopp er sjølvsagt dette og mogleg.

Nede på Urke samlast me på Urke kaihus for noko forfriskande i glaset før vi blir henta av Daniel som fraktar oss til Trandal og Cristian Gaard. Der vil det verte høve til å «ta ei kald ei» på uteserveringa. Ole Ringdal serverer ein fjordlunsj som det går gjeteord om, og i tradisjonen tru serverar grillmestaren også gode historier. Kanskje har han ei god historie frå VM i Åre eller då han scora vinnermålet på Hellesylt stadion mot Hødd i cupen 92? Middag kl 20. Her serverar Lenita noko makalaust som berre ho kan.

Verdens beste spelemannj, Frode Hagebakk kjører på med gode låter som Jens og Svein eller Damer med D. Garantert tøpp stemning.

Etter gode historier,opplevingar og kvalitetsdansing tek me skyssbåten attende til Sykkylven om lag kl 2400.
Pris kr 1950 pr person, Dette omfattar: Guida tur til Urke, fjordlunsj servert av Ole Ringdal og middag på Christian gaard. Skyssbåt attende til Sykkylven er sjølvsagt med. Drikke held ein sjølve.
NB! Begrensa antall plassar.
Påmelding til
[email protected]
Info på tlf: 45235902 eller 95065934 Hjørundfjord Mountain Guide eller 97521271 Hardhaus

08/04/2022

5 ledige plasser til Trandal.

Vi har fem ledige plasser til overgangsturen frå Sykkylven til Trandal 23.apr
Påmelding til [email protected]
Her er det førstemann til mølla.

04/04/2022

NB!!
Dersom du ikkje har betalt men skal vere med på turen bør du snarast sende ein epost til [email protected] då fristen for betaling gjekk ut i går. Vi kjem no fortløpande til å tilby plassar til dei vel 40 som står på venteliste.

Adresse

Bakkedamsvegen 20
Sykkylven
6230

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hardhaus legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Hardhaus:

Del