29/10/2025
Her er pressemeldinga frå Stryn Handel som vi sende til Fjordingen.
God handel i Stryn
I siste Fjordingen (24.10.2025) kunne ein få inntrykk av at ein opplever ein butikkdød i Stryn. Dette er langt frå kva som er sanninga i denne saka.
🌟Audhild Viken har valt å ikkje satse i Stryn. Då dei starta opp for 5 månader sidan sa dei tydleg at dei ville ha eit prøveår før dei tok endeleg avgjersle.
🌟Stryn Kiosk legg ikkje ned, dei flyttar drifta si.
🌟Intersport avviklar men ny butikk er på veg inn.
Så summa sumarium så er ikkje situasjonen så svart som Fjordingen skriv i sin artikkel.
🌟Vi har lagt bak oss ein veldig god sommarsesong som viser rekordomsetning i juli. Juli har utvikla seg til å bli toppmånad for butikkane i Stryn. Vi går no i møte ein haust der vi opplever auka besøk og handel.
🌟Tala til Stryn Torg m.a viser ein samla omsetningsvekst hititil i år på om lag 8%, der samtlege butikkar har ein auke.
Dette er ein trend som vi også ser hjå dei andre medlemmene i Stryn Handel.
🌟Stryn kan skilte med å vere festivalbygda i området og dette er med på dra mykje folk til bygda og setje Stryn på kartet. Dette har naturleg nok ein positiv innverknad på den totale handelen i Stryn både når det gjeld butikkar, kafear og overnatting.
Det er sjølvsagt at nokre periodar er betre enn andre, og at det svingar frå bransje til bransje.
🌟Så samla sett så er det ei positiv utvikling for handelen i Stryn sentrum
At nokre butikkar vel å leggje ned drifta si, det er det marknaden som bestemmer og dette er heilt normalt i ein marknad med fri konkurranse. Nokre legg ned, andre vel å satse vidare, samt at nye aktørar kjem på plass. Dette er det tydlegaste teiknet på at Stryn er eit levande handelssamfunn. At nye aktørar kjem inn på bana, er med på å skjerpa konkurransen i handelsnæringa og dette er berre positivt for alle både butikkane og for kundane våre.
Virke sine prognosar for julehandelen i 2025 forventar ein totalomsetning på ca. 138,7
milliardar kroner (inkl. mva.), ein vekst på 3,5 % fra året før. I snitt vil kvar hushaldning bruke rundt 24 900 kroner på julegåver og anna julemat. Auken skuldast høgare lønnsvekst, lågare straumprisar og ei forventning om at rentetoppen er nådd. Dette vil vi også merke når det gjeld handelen i Stryn.
🌟Stryn Handel skal fortsette jobben med å marknadsføre Stryn som handels- og festivalbygda i Nordfjord. Vi vil mane til samarbeid mellom alle som driv handel og service i Stryn. Vi står mykje sterkare samla. Stryn Handel vil også halde fram arbeidet med å vere ein viktig samarbeidspartner når det gjeld å fylle opp dei få ledige lokala som er i Stryn sentrum.
Helsing Stryn Handel
Link under til artikkel i Fjordingen.no
https://www.fjordingen.no/nyhende/n/B05n57/avviser-butikkdoed-handelen-i-stryn-aukar