Linda Lid Keramikk

Linda Lid Keramikk I aim to combine aesthetics with functionality making ceramics from stoneware and porcelain. Eg kan også sende varer dersom du ynskjer det.

Eg har hatt yrke som keramikar i snart 25 år , og arbeider med vedfyrt porselen- og steingodskeramikk. For få år sidan flytta eg, saman med mann og to små barn, til eit småbruk i Hardanger. Her har me saman bygd opp ein keramikkverkstad der me lagar bruksting og dekorative gjenstander ,brent i ein stor vedfyrt ovn. Eg lagar produkt både for privatkundar og bedrifter , og leverer keramikkservise o

g utsmykking til restaurantar , kaféar , lag og organisasjonar. Målet mitt er å laga unike gjenstander som tåler tøff bruk og som eg håpar kan vera til glede og nytte i kvardagen. Brenninga i flammer gjev leira spesielle overflater og fargar og det finst ikkje to gjenstander som blir like. Prosessen med brenning tek ca 60 timar med kontinuerleg fyringsarbeid. Verkstaden finn du i ei svartmåla løe inst i tunet, bygget er frå 1735. Verkstad og utsalg er åpent for besøk heile året , men vil du vera sikker på å treffa oss ring eller send epost for avtale! I tillegg til verkstadutsalget her på tunet kan du finne produkta mine på ulike galleri og handverksutsal rundt om på Vestlandet.

30/11/2025








22/11/2025

Yunomi krus frå siste brenning - perfekte til å nyte varm drikke på kalde vinterkvelder!
20/11/2025

Yunomi krus frå siste brenning - perfekte til å nyte varm drikke på kalde vinterkvelder!

Kveld i verkstedet- endelig kan veggen fylles med nye oljeflasker !
18/11/2025

Kveld i verkstedet- endelig kan veggen fylles med nye oljeflasker !

Ein varm takk til den fantastiske fyringsgjengen! De gjer denne galskapen mulig - å brenne keramikk i tre dagar heilt op...
16/11/2025

Ein varm takk til den fantastiske fyringsgjengen! De gjer denne galskapen mulig - å brenne keramikk i tre dagar heilt opp til 1300 grader celsius. Heitt og slitsomt- men utruleg moro!

10/11/2025

23rd firing in the big trail kiln!

09/11/2025

A lot of wood to move before we reach top temperature

14/09/2025

Keramikkurs i høst- ein plass har blitt ledig! Ti torsdagskvelder 18.00-20.30
Dreiing, skulptur, plateteknikk. Ta kontakt på 480 79 468😊

Adresse

Grøningsvegen 59
Strandebarm
5630

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Linda Lid Keramikk legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Linda Lid Keramikk:

Del