Steinstø Fruktgard

Steinstø Fruktgard Me sel vår eigenproduserte bær og frukt i vårt utsal like ved Fv. 79. Me har ope frå juli til midten av oktober. Det er dessverre ikkje kafèdrift lengre.

Her annonserer me kva bær og frukt som er i sesong. Like ved fylkesveg 79, turistvegen gjennom Hardanger, ligg Steinstø Fruktgard. Me gler oss over å kunna by på kvalitetsfrukt og -bær, samt heimelaga eplemost. På grunn av at bonden Ola Steinstø framleis har helseutfordringar etter hjernehinneblødninga i 2020, er det minisert på drifta. Me driv heller ikkje med turisme oppe på garden. Garden vert

dreven vidare i mindre målestokk enn før. Det som vert produsert av bær og frukt vert no selt via sjølvbetjening i utsalet ved vegen.

Siste opningshelg for i år vert den komande helga. Med siste opningsdag sundag 5.oktober🍎Det me kan tilby denne helga er...
02/10/2025

Siste opningshelg for i år vert den komande helga. Med siste opningsdag sundag 5.oktober🍎
Det me kan tilby denne helga er Summerred, Gravenstein, Rubinstep og Elstar så langt behaldninga rekk.

Me tilbyr ellers vår eigen eplemost i flasker og kartongar og spekepølse (Ramslaukpylsa og Skukkapylsa) frå Fykse 70/6.

Våre opningstider er frå 10.00 til 18.00.

Velkomne🍂

Nylaga eplemost🤩 Ein blanding av Aroma, Gravenstein og Summerred gjev ein fyldig og god smak. Me har små og store flaske...
20/09/2025

Nylaga eplemost🤩

Ein blanding av Aroma, Gravenstein og Summerred gjev ein fyldig og god smak. Me har små og store flasker og 3 liters kartongar. Me kan òg tilby dei gode Skukka- og Ramslaukpylsene frå Fykse 70/6.

Også denne helga har me godt utval av pærer og eple. Kr. 30,- pr. kg. Bland sjølv, og finn deg så mykje som du ynskjer, i poser eller kasser.

Velkomen🍎🍐

Desse blide damene står klare til å hjelpa deg med frukthandelen i utsalet i dag😊Me tilbyr eple av typen Discovery, Summ...
14/09/2025

Desse blide damene står klare til å hjelpa deg med frukthandelen i utsalet i dag😊

Me tilbyr eple av typen Discovery, Summerred, Gravenstein og Aroma🍎 Pærer av typen Hertzugin og Ingeborg🍐

Kassesal: kr. 250,- (8 kg).

Me har ope til kl 19.00 i dag.
Velkomne🍏

Me har mykje godt på by på. Antakelegvis er det siste helga med plommer. Sorter me har er Victoria, Reeves, Valor og Jub...
06/09/2025

Me har mykje godt på by på. Antakelegvis er det siste helga med plommer. Sorter me har er Victoria, Reeves, Valor og Jubileum.

Me har pærer av typen Celina, Greve Molkte og Herrepærer.

Eplesortane no er Prins, Discovery, Summerred, Rosette, Gul og Raud Gravenstein.

For bestilling send SMS til Ola: tlf.nr 92252637

Velkomne🍎

No er eplesesongen i full gang🍎Denne helga kan me tilby Prins eple, Discovery og Rosette. Me har såvidt byrja å plukka p...
23/08/2025

No er eplesesongen i full gang🍎
Denne helga kan me tilby Prins eple, Discovery og Rosette. Me har såvidt byrja å plukka på pærer av typen Greve Molkte og Celina. Tidleg på dag har me plommer av typen Reeves og Mallard så lenge behaldninga rekk utover dagen.

Me har mykje godt på bordet no🍐 Blåplommer, Opal og Ingrid pærer. Bringebærsesongen vart dessverre fort avslutta då regn...
09/08/2025

Me har mykje godt på bordet no🍐
Blåplommer, Opal og Ingrid pærer. Bringebærsesongen vart dessverre fort avslutta då regnet kom. Men me kan gle oss over mykje god frukt å by på framover hausten. Velkomne innom utsalet vårt 🍐

Sjølvplukk av bringebær hjå oss frå og med fredag 25.juli. Ta kontakt pr.sms til Ola på telefon 92252637 dersom du ynskj...
21/07/2025

Sjølvplukk av bringebær hjå oss frå og med fredag 25.juli. Ta kontakt pr.sms til Ola på telefon 92252637 dersom du ynskjer dette. Skriv ca kor mange kilo du ynskjer og kva dag og tid du kan tenkja deg å koma. Pris 80-90 kr.pr.kg avhengig av kvalitet. Velkomne til å ta kontakt 🌞

No er me såvidt igang med bringebærsesongen. Det vert ope for sjølvbetjening i utsalet frå kl 11.00 og utover dagen så l...
06/07/2025

No er me såvidt igang med bringebærsesongen.
Det vert ope for sjølvbetjening i utsalet frå kl 11.00 og utover dagen så lenge behaldninga rekk.
Me sel òg eplemost både i flasker og kartongar.

Velkomne 😊

Det vert stengt i utsalet framover. Det minkar på epla og me må halda av til bestillingar fram mot jul. Ynskjer du å bes...
23/11/2024

Det vert stengt i utsalet framover. Det minkar på epla og me må halda av til bestillingar fram mot jul. Ynskjer du å bestilla? Send SMS til Ola på tlf 92252637

Dei siste Elstar- epla er kome i hus i dag🍎Me har framleis ope kvar dag med sjølvbetjening i utsalet. Denne helga kan me...
25/10/2024

Dei siste Elstar- epla er kome i hus i dag🍎
Me har framleis ope kvar dag med sjølvbetjening i utsalet. Denne helga kan me tilby Aroma, Elstar, Rubinstep, Ingrid Marie og Karen Schneider.

Utsalet er ope 10.00 til 18.00.
Velkomne🍁

Fortsatt mogelegheit for å handla gode lagringseple og eplemost hjå oss. Me har ope for sjølvbetjening frå kl 10.00 til ...
13/10/2024

Fortsatt mogelegheit for å handla gode lagringseple og eplemost hjå oss. Me har ope for sjølvbetjening frå kl 10.00 til 18.00 dagleg framover.
Velkomne innom fruktutsalet🍎

Epleråsaft🍎Me presser meir i morgon, sundag 13. oktober. Nytt det sjeldne høvet å smaka nypressa eple og kjøpa med deg e...
12/10/2024

Epleråsaft🍎
Me presser meir i morgon, sundag 13. oktober. Nytt det sjeldne høvet å smaka nypressa eple og kjøpa med deg ein 2 1/2 liters dunk eller fleire. For større bestillingar på 10 eller 25 liters kanner, send SMS til Ola på tlf 92252637. Den beste drikke til viltmåltid og julemiddagen.

Velkomne innom oss 🍁

Adresse

Fyksesundvegen 768
Steinstø
5612

Åpningstider

Mandag 10:00 - 20:00
Tirsdag 10:00 - 20:00
Onsdag 10:00 - 20:00
Torsdag 10:00 - 20:00
Fredag 10:00 - 20:00
Lørdag 10:00 - 20:00
Søndag 10:00 - 20:00

Telefon

+4792252637

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Steinstø Fruktgard legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Steinstø Fruktgard:

Del