26/02/2021
Hei gitarfolk! Her kjem ei melding frå loungen.
Bjørn Aslaksen var ein særs dyktig gitarist og ein viktig brikke i musikklivet i Stavanger frå 70-tallet og fram til han gjekk bort sommeren 2020. Eg blei kontakta av familien til Bjørn i november, og spurt om eg kunne sjå på gitarsamlinga han hadde etterlatt seg. Dei ville gjerne ha ei vurdering av tilstand og verdi, samt litt meir informasjon om gitarene. Nokre av gitarane ville dei behalde som eit minne, nokre ville dei at eg skulle selge. Ei veldig fin samling på 14 gitarar som har gitt meg eit fint innblikk i Bjørns gitarvirke. Nokre har eg allereie selt, men dei eg ser på som mest interessante kjem eg til å legge ut for sal no. Biletet under viser dei aktuelle gitarane.
Hvis nokon skulle vere interessert så send DM eller mail til [email protected].
Frå venstre:
PRS Signatur #299, årgang 1988. Nr 299 i PRS sin første "Signatur"-serie, også omtalt som dei beste. Dette er ein tidleg PRS, dei starta opp i 1985. Logo og #299 er handsignert av Paul Reed Smith.
Gretsch 6120 Chet Atkins, årgang 62/63. FilterTron pickups, Bigsby og double cutaway. Bridge er neppe original, og skiftet ut med ein ukjent variant på eit tidspunkt. Chet Atkins var ein av dei fyrste gitaristane som fekk sin eigen signaturmodell og han hadde mange varianter av denne. Er nok også mange som har sett desse gitarane i diverse rockabillyband.
Fender Stratocaster, årgang 1975. Olympic white med naturleg slitasje. Står i Noiseless pickuper som låter fantastisk i lag med askekroppen! Følger også med eit ekstra plekterbrett med noko av original elektronikk. Ekte slitasje på denne.
Epiphone FT-165 12 strenger, årgang tidleg 70-tall. Kanskje ikkje same samleverdi som dei andre på biletet, men denne gitaren er i strøken tilstand, ber nesten ikkje preg av bruk. Perfekt satt opp, speler fint!
Gibson ES-175 D, årgang 1961. Super original stand med PAF humbuckere og elektronikk som ikkje er tukla med. Lakken på halsen er nedslitt, men originale bånd med lite slitasje.
Eit smykke av ein gitar!
Foto: Jan Inge Haga