04/03/2023
NO ER DET SNART SESONG FOR NYTT TAK IGJEN!
Har du planar for nybygg i 2023? Eller kanskje eit eksisterande bygg som treng renovering? Neset Lager har gode prisar for alle formål.
Sjølv om prisen på dei fleste byggvarer auka mykje i 2022, er framleis vår påstand at den beste prisen på stålplater og tilbehøyr til ståltak, vil du finne hjå Neset Lager på Sandane.
Vinteren er på hell, så det er no det er tid for planlegging.
Siste året leverte vi over 20.000m2 stålplater til nøgde kundar frå Ålesund i nord til Bergen i sør.
Vi får plater frå ein av dei største fabrikkane i Europa, svenske Areco Profils som årleg produserer byggplate-produkt av ca. 10.000 tonn varmgalvaniserte og lakkerte plater frå leiande stålverk. Du finn meir info om produksjon og produkt på deira nettstad - arecoprofiles.se.
Ofte er det viktig for kundane våre å få tilgang til plater på kort varsel, og vi kan som oftast levere standardlengder fra lager.
Difor har vi 0,5mm. svarte plater i lengder på 2,5, 3,0, 3,50, 4,0, 4,50 og 5,0m. og raude 0,5mm. plater i lengder på 2,5, 3,0 og 3,5m. på lager på Sandane.
Dersom du treng meir enn 100m2 av ein platetype og har tid til å vente litt, er det ikkje pristillegg for spesialtinging frå fabrikk (spesialkappa lengder, andre fargar enn svart og raud, osv). Leveringstid for levering frå verk er 2-3 veker.
Om du har eit uisolert bygg utan undertak, bør du nytte plater med antikondensbelegg. Dette er ei praktisk og god løysing for å unngå kondensproblem. Dette er også direktelevering frå verk.
Om bygget ditt er utsett for sjødriv og saltvatn, bør du vurdere plater med Karat50-belegg. Eit dyrare belegg, men med betre vern mot korrosjon (korrosjonsklassifisering C5).
Pris er sjølvsagt viktig. Som tidlegare nemnt, var 2022 eit «uryddig» år på den måten. Korleis utviklinga vert i 2023 er heilt uråd å spå. Vi har pr. i dag dei samme prisane som vi hadde 2. halvår i -22.
Ellers kan vi nemne :
* Det meste av beslag (svart)som vi leverer med platene vert produsert av lokal blikkenslager i 0,6mm kvalitet med Green-Coat belegg..
* Vi kan også levere Grøvik takrenner og Lobas taksikring.
* Vi har gode kontakter om du planlegg å setje opp stålhall.
* Frå Areco Profils har vi tilgang til dei fleste platetypar. Plater med taksteinsprofil, kraftigare plater med høgare profilar, plater som er sjølvbærande osv.
I utgangspunktet må plater hentast på lageret vårt på Sandane, men vi kan i mange høve ordne utkøyring med Tenden Transport.
Vi har absolutt fleksible åpningstider. Etter avtale kan du hente plater både kveld og helg.
Det kostar ikkje noko å få eit tilbod frå oss. Ta kontakt pr. tlf. 94496808 (gjerne kveld), send ein e-post til [email protected] med opplysningar (evt. teikning/skisse), eller ta kontakt via Facebook.