13/03/2020
I samråd med Ullensvang kommune, Røldal skisenter, sponsorar og samarbeidspartnarar har me beslutta å avlyse årets utgåve av Røldal Freeride Challenge og Røldal Freeride Junior. ‼️
Ullensvang kommune er ein av kommunane med strengast restriksjonar rundt arrangementsgjennomføring på grunn av ei befolkning der ein høgare del av innbyggjarane er i risikogruppene for å kunne utvikle alvorleg sjukdom ved koronainfeksjonar, enn i kommunar flest. Med dette som utgangspunkt er det ikkje mogleg eller forsvarleg å planlegge frikøyringskonkurransar med mange omreisande deltakarar og tilskodarar. Me ynskjer heller ikkje å vera ein pådrivar for at deltakarar og publikum skal reisa til Røldal for noko så (i det store bilete) uviktig som ein frikøyringskonkurranse. Detta synes me sjølvsagt er forferdelig trist, men samstundes vert det uansett ikkje den folkefesten me hadde gleda oss til slik ståa er i dag.
Kjære frikøyringsvenner - Me snakkast i 2021!
Røldal Freeride Challenge 2020 - 20th. Anniversary!
Røldal Freeride Junior 2020 - 10-årsjubileum!