Hardanger Industri

Hardanger Industri Hardanger Industri ønsker å være en aktiv part i utvikling av næringslivet og bidra til at lokalsamfunnet blir et attraktivt sted å bo, leve og arbeide i.

26/05/2026
Hardanger Industri deltok på årsmøtet, å jobbe for bedre og rassikre veier for innbyggere og næringsliv langs RV13 er vi...
24/04/2026

Hardanger Industri deltok på årsmøtet, å jobbe for bedre og rassikre veier for innbyggere og næringsliv langs RV13 er viktig motivasjon for styredeltakelse.

Takk for eit godt medlemsmøte og årsmøte i går 👏Rundt 25 deltakarar møttest på Iris Scene for ein kveld med fokus på sam...
15/04/2026

Takk for eit godt medlemsmøte og årsmøte i går 👏

Rundt 25 deltakarar møttest på Iris Scene for ein kveld med fokus på samferdsel i Ullensvang – status, prosjekt og vegen vidare 🚧

Vi fekk gode innlegg frå:
• Arnfinn Førsund (innleiing)
• Pål Kårbø (E134) og Hans Inge Myrvoll (Rv13)
• Frode Lykkebø (tunnel Seljestad–Røldal)
• Jens Erik Farsjø og Kristian L. Karlson (Djupevik–Kvitur og Rv13)
• Signe Eikenes (utviklingsstrategi arm til Bergen)

Kvelden vart avslutta med panel og gode spørsmål frå salen 💬

Takk til alle som deltok – og ikkje minst for nydeleg kake frå Trolltunga Lille Bakeri 🍰

Saman løftar vi viktige saker for regionen!

🚨 Viktig informasjon frå politietDet har vore fleire innbrot siste helg, der det er stole maskinstyringsutstyr frå anleg...
25/03/2026

🚨 Viktig informasjon frå politiet

Det har vore fleire innbrot siste helg, der det er stole maskinstyringsutstyr frå anleggsmaskiner for betydelege verdiar.

Politiet ber næringslivet vere ekstra merksame i tida framover – spesielt no inn mot påskeferien.

👉 For verksemder med anleggsmaskiner eller relevant utstyr:
• Sørg for trygg parkering av maskiner
• Lås maskiner og område godt ved endt arbeidsdag
• Vurder å ta ut og låse inn styringseiningar og anna verdifullt utstyr – særleg i helger og feriar

🔍 Ver ekstra påpasselige – små tiltak kan førebygge store tap.

Del gjerne vidare til andre som kan vere berørt.

Sterk vestlandsstemme på Stortinget! 💬Hardanger Industri, ved styreleiar Espen Tokheim, deltok saman med Næringsallianse...
20/03/2026

Sterk vestlandsstemme på Stortinget! 💬

Hardanger Industri, ved styreleiar Espen Tokheim, deltok saman med Næringsalliansen Vestland i møte med stortingspolitikarane frå Vestland.

17 næringsråd står bak alliansen – og saman løfta vi viktige saker for regionen.

Dette er ei viktig møteplass for å sikre at Vestlandet blir høyrt der avgjerdene blir tekne.

Vi kjem tilbake! 💪

🏡✨ Hardanger Industri deltek på Velkommen heim!Velkommen heim er eit arrangement for unge og utflytta hardingar som er n...
19/12/2025

🏡✨ Hardanger Industri deltek på Velkommen heim!

Velkommen heim er eit arrangement for unge og utflytta hardingar som er nysgjerrige på jobb- og karrieremoglegheiter i regionen. Her får du høyre om spanande arbeidsplassar, møte næringslivet, smake lokal sider og mingle i uformelle omgjevnader.

https://nhu.hoopla.no/event/1856126085

Hardanger Industri gler seg til å vere med og fortelje om moglegheitene i industrien – både no og i framtida.

🎟️ Det er framleis nokre gratisbillettar igjen!
👉 Del gjerne med ein du ynskjer skal flytte heim 💙

Vi sjåast!

Dei 50 første som melder seg på Velkommen heim får gratis billett til Odda banker jula inn etter arrangementet 🎶. Er du student, nyutdanna eller ung vaksen med eit lite snev av heimlengsel? Velkommen heim er kvelden der du kan bli betre kjent med kva det vil seie å både jobbe og leve i Ullen...

📬 Nyheitsbrevet for desember er ute!No kan du lese årets siste nyheitsbrev frå Hardanger Industri – fullt av nyttig info...
10/12/2025

📬 Nyheitsbrevet for desember er ute!

No kan du lese årets siste nyheitsbrev frå Hardanger Industri – fullt av nyttig informasjon for medlemsbedriftene våre.

🔹 Kommande arrangement 2026
– Medlemslunsj 17. februar
– Medlemsmøte & årsmøte 14. april
– Sommarfest 21. mai

🔹 Nytt medlem: Velkommen til Stiegler Advokatfirma, som etablerer kontordagar i Odda frå nyttår.

🔹 Kva treng de av kurs i 2026?
Vi ber alle verksemder svare på ei kort undersøking – slik at vi kan planleggje relevante og treffsikre kurs neste år.

🔹 Undersøking om robotisering
Bli med og kartlegg automasjon i næringslivet på Vestlandet – og få benchmark av di verksemd.

🔹 Nytt norskkurs etter jul
Vaksenopplæringa i Odda startar nytt A1-kveldskurs i norsk. Viktig for rekruttering, integrering og sesongarbeid.

👉 Les heile nyheitsbrevet her: https://mailchi.mp/786c7691363d/medlemsnytt-hardanger-industri-17603303

Nokre få plassar igjen til julelunsjen 🎄✨Vil du vere med på årets julelunsj med Hardanger Industri? Det er framleis nokr...
26/11/2025

Nokre få plassar igjen til julelunsjen 🎄✨

Vil du vere med på årets julelunsj med Hardanger Industri? Det er framleis nokre ledige plassar – meld deg på no og bli med på ein triveleg og nyttig førjulssamling

Program

• Presentasjon av nytt medlem – Oppsteg
• Kva utdanning treng vi framover? v/ Ann Iren Myrheim, Hardangerrådet
• Novaform v/ Espen Tokheim
• Røynstrand v/ Eric Jan Kerkhof

Det blir korte innlegg frå medlemsbedrifter, deling av nye initiativ – og sjølvsagt god tid til prat, mat og nettverking

Velkomen! 🙌

Påmelding: https://forms.office.com/e/wdcy3R2Luq

Norskkurs for nybyrjarar – kveldskurs etter jul 🇳🇴✨Vaksenopplæringa i Odda startar nytt kveldskurs i norsk (A1) etter ju...
26/11/2025

Norskkurs for nybyrjarar – kveldskurs etter jul 🇳🇴✨

Vaksenopplæringa i Odda startar nytt kveldskurs i norsk (A1) etter jul. Kurset går éin kveld i veka og passar for tilflyttarar, sesongarbeidarar og andre som treng grunnleggande norskopplæring.

Tilbodet er viktig for næringslivet i Ullensvang – god språkkompetanse gir betre integrering, tryggare arbeidskvardagar og meir stabil arbeidskraft i industri, landbruk, sider og reiseliv

Bedrifter kan få grupperabatt ved å avtale direkte med rektor Inger Kristine Naasen. Tips gjerne aktuelle tilsette 📩

Vil du lære norsk? Vaksenopplæringa i Odda tilbyr kveldskurs på nivå nybyrjar til A1. Kurset vert gjennomført ein kveld i veka og består av 4 x 45 minutt undervisning kvar kurskveld.

Fjord- og Fjellfondet – mogleg støtte til di verksemdSparebanken Norge lyser no ut inntil 600 000 kroner gjennom Fjord- ...
25/11/2025

Fjord- og Fjellfondet – mogleg støtte til di verksemd

Sparebanken Norge lyser no ut inntil 600 000 kroner gjennom Fjord- og Fjellfondet for verksemder i Hardanger og Voss-regionen. Midlane skal støtte prosjekt innan innovasjon, berekraft og omstilling.

Søknadsfrist: 31. desember 2025.

Dette kan vere ei god moglegheit for fleire av våre medlemsverksemder. Les meir om ordninga og kriterium her:

- for innovasjon, vekst og omstilling i Hardanger og Voss   Om fondet I samarbeid med Sparebanken Norge og stiftinga deira Agenda Vestlandet, innvilger Hardanger og Voss Næringshage inntil kr 600.000,- til ein eller fleire mottakarar. Med dette vil me nå ut til innovative verksemder og leiarar me...

Adresse

Smelterket 57
Odda
5750

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 09:00 - 16:00

Telefon

91359028

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hardanger Industri legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Hardanger Industri:

Del