Aufera as

Aufera as Aufera AS er ei vekstbedrift med aktivitet i Austrheim, Fedje og Alver. Aufera AS er ei vekstbedrift med aktivitet i Austrheim, Fedje og Radøy.

Me tilbyr varig tilrettelagt arbeid, arbeidspraksis i skjerma verksemd, språkpraksisplass for flyktningar og praksisutplassering for elevar i vidaregåande skule. Er du jobbsøkjande, lurer du på om du kan vera aktuell som arbeidssøkjar hjå oss: Ta kontakt! Me har fått fleire nye store ordrar og treng fleire arbeidstakarar. Me tilbyr produkt og tenester innan kjøkken/produksjon av kortreist mat, transport, trearbeid og vaskeri. Ta kontakt for en hyggelig samtale på tlf :
55 60 24 72

I dag folkens! Sol og helg! Vi har mellom anna hatt brannøving i sola, vore på gravstell og øvd oss på å lage marsipanro...
20/03/2026

I dag folkens! Sol og helg! Vi har mellom anna hatt brannøving i sola, vore på gravstell og øvd oss på å lage marsipanroser🌹 Allsidige dagar, nett so me likar det!

Treng du noko? Ei gul kake til påska, noko sitteunderlag til tur i fjellet eller ein auferabenk til å ha I hagen? Gje oss ein lyd. Treng du hjelpe til gravstell? Gje oss ein lyd! Treng du vaske vinterdynane før du pakker dei vekk? Gje oss ein lyd!

God helg frå favorittgjengen din I Idrettsvegen!

I går song me høgt og gale for Ole Petter, for i dag vert han 30 år! Me hadde ei litta markering med både gåve, kake, fl...
14/03/2026

I går song me høgt og gale for Ole Petter, for i dag vert han 30 år! Me hadde ei litta markering med både gåve, kake, flagg og song, før me jobba videre. Ole Petter og gjengen på treavdelinga legg siste hand på verket, nytt bosspann til YX'en, og er straks klare for nye oppdrag-våren er i anmarsj!

God helg, folkens! Og gratulerer igjen, Ole Petter! 🌼🎵🎊

✨️ Verdiane våre ✨️God ettermiddag, godtfolk! Det har vore litt stilt her på facebook, men me lovar det skal ta seg opp ...
05/03/2026

✨️ Verdiane våre ✨️

God ettermiddag, godtfolk! Det har vore litt stilt her på facebook, men me lovar det skal ta seg opp att 🌸

For nokre veker sidan var Trine på besøk på Grønneviken, ei søsterverksemd på Laksevåg. Dei hadde nokre knakande tøffe bokstavbrikkar, og då ville ho ha det og, sjølvsagt🤣🙋‍♀️ Så då orga ho seg med Aleksander på Knarvik Industri og Miljø og fekk laga scrabblebrikkar som stavar ut verdiene me har her på Aufera:

Trivsel
Mot
Respekt og
Kvalitet i alt vi gjer

Under ein lunsj drøsa flokken i lag; korleis kan me få dette til å virkelig poppe? Joda. Treavdelinga mekkar den største, kuleste, flottaste lokale ramma som finst, fresar ut fine kantar, målar bakplata svart og lagar til verdiene våre som eit scrabble-brett🤩

Og SJÅ kor fint det vart! Me er alle heilt kjempestolt og imponerte, og det enorme kunstverket heng no på personalrommet, for kvar dag skal me ha det med oss, når me er på jobb ❤️❤️

(Så får me sjå kor lang tid det tar før Trine byter ut "vi" med "me" 🤣🤣)

Sola skin, folkens! Ta turen innom oss for ein kopp kaffi, om det høver seg sånn ☕️

Morsdagsveka er i gong og det er me og! Søndag er det morsdag og me kan bidra med både kake, gåvepakker eller hagebenk, ...
02/02/2026

Morsdagsveka er i gong og det er me og! Søndag er det morsdag og me kan bidra med både kake, gåvepakker eller hagebenk, det er berre til å gje oss ein lyd!

På kjøkkenet er me klare for bestillingar på alt frå marsipankake til kremkake til gulrotkake til verdas beste, og i butikken har me sett saman ulike gåvepakker med ymse innhald, laga av finfine folk i Idrettsvegen. Me kan også mekke ei fantastisk hagebenk der mor kan kose seg med kake frå Aufera, det er berre fantasien som set grenser 🥰

Gje oss ein lyd om.du treng noko, ring Anne på kjøkkenet, tlf. 5697 8891, eller Roy på treavdelinga, tlf. 56978892

Folkens, i går selde me ut urtebrødene våre fortere enn me fekk sukk for oss. I dag har me levert boller til kyrkjekonto...
29/01/2026

Folkens, i går selde me ut urtebrødene våre fortere enn me fekk sukk for oss. I dag har me levert boller til kyrkjekontoret lokalt, og me mokka til litt fleire, i håp om å få seld dei i løpet av dagen. Rykande ferske, laga av finfine folk på kjøkkenet. Ta turen innom oss før dei forsvinn ❤️❤️

  #I dag har me to heimelaga urtebrød igjen i butikken. Ta turen innom oss 🥰🥰
28/01/2026

#

I dag har me to heimelaga urtebrød igjen i butikken. Ta turen innom oss 🥰🥰

Godt nyttår folkens! For ein start på året me har hatt ❤️ Denne veka har vi ikkje mindre enn tre jubilantar, så i dag ha...
09/01/2026

Godt nyttår folkens!

For ein start på året me har hatt ❤️ Denne veka har vi ikkje mindre enn tre jubilantar, så i dag har me hatt ei litta markering med både kake, gåver og song🎊🎊 I går vart Rune 50, i dag er Monica 30 og i morgon fyller Christian 40 år! Er me ikkje heldige som har ein sånn bukett?! 🌸🌸

Vi er i gang med produksjon på alle avdelingane våre, ta kontakt om du treng noko, så skal vi hjelpe! Roy og flokken på treavdelinga lagar flotte kjøkkenredskaper til salgs i butikken, dvs Roy kjøper med seg dei fleste heim til Mjøs, men vi har til deg og (sjå bilete i kommentarfeltet. Null skadeleg mikroplast, berre reint handverk!

God helg, folkens! Håpar vi sjåast snart! 🥰

Då er det straks jul, folkens 🥰🥰 Me har ein liten men stødig flokk med oss i dag, før me tar nokre dagar velfortent kvil...
23/12/2025

Då er det straks jul, folkens 🥰🥰 Me har ein liten men stødig flokk med oss i dag, før me tar nokre dagar velfortent kvile🎄 Kjøkkenet og treavdelinga er stengd i romjula, medan vaskeriet heldt stand, og så sjåast vi på nyåret❤️

Takk til alle som har kome innom oss, brukt oss, snakka om oss og heia på oss!

Julehelsing frå favorittflokken din i Idrettsvegen 🥰✨️😍

Årets julebord er vel overstått og vi hadde ein storveis stund ilag🥰 Me hadde storfint besøk av både styre og ordførarar...
05/12/2025

Årets julebord er vel overstått og vi hadde ein storveis stund ilag🥰 Me hadde storfint besøk av både styre og ordførarar frå eigarkommunene våre, og Auferaflokken koste seg. Gode ord vart del ut i hytt og pine, og vi hadde rett og slett ei finfin markering av året som har gått.

No har vi helg med verdas beste samvit, så et vi på plass igjen på mandag. Treng du noko? Gje oss ein lyd🎄🎄 adventshelsing frå favorittgjengen din i Idrettsvegen❤️

Snart helg, folkens! Då eg byrja på Aufera I fjor fekk eg høyre at me alltid gjekk tom for julekaker. Tenkte med meg sjø...
21/11/2025

Snart helg, folkens! Då eg byrja på Aufera I fjor fekk eg høyre at me alltid gjekk tom for julekaker. Tenkte med meg sjølv at det var nok noko overdrive..... legg difor ved to bilete frå i går. Det første er frå kl 1150, før pensjonistbussen kom. Det andre er frå.kl 14.

Det er vanskeleg å finne dei rette orda når eg seier noko om kva samfunnsoppdrag me har på Aufera. Ikkje berre produserer me varer og tjenester for både private kunder og store firma, men me er ein kjempeviktig arbeidsplass og for mange- ei sosial tryggleik. Der vi har våre nære og kjære kamerater, kollegaer og vener.

Me håpar du vil nytte tjenestene våre, det vere seg vask av dyner og puter, at vi får lage postkassestativ eller benk til deg, eller at du vel oss som produsent av 60-årskaka di.

Vi er så glade for kvar einaste kunde vi får, og håpar du vil bruke oss!
God helg frå favorittgjengen din I Idrettsvegen🥰

Midten av november og kjøret går ✨️✨️ Vi har pynta både utanfor og inni butikken, og julestjerna og juletreet skin så fi...
14/11/2025

Midten av november og kjøret går ✨️✨️ Vi har pynta både utanfor og inni butikken, og julestjerna og juletreet skin så fint opp på veggen vår 🎄✨️

Det er fine dagar på Aufera, me lagar til julegåver til fjern og nær, både forundringspakkar til storkunder og cookies til Smak av Nordhordland sine varierte gåvepakker, og vi har fylt opp hyllene I butikken. I dag sette vi ut store mengder serinakaker og litt etter litt forsvinn det ut-heilt herleg. I tillegg sender vi av garde julekaker til dei andre vekstbedriftene i Nordhordland, så det er berre SÅ kjekt at fleire kan få smake på det gode me lagar til!

Denne veka har vi hatt to bursdager på bruket, ikkje noko runde dagar, men viktige nok likevel🥰 Gratulerer til både Daniel og Lise Karin🎊🎊

Ynskjer du bestille noko til adventstida set inn? Eit juletre til å ha på veggen eller ei stjerne som lyser opp vegen heim? Ta kontakt med oss!

God helg, godtfolk! Håpar vi sjåast🥰

Glad midtveke, folkens! November har kome, juleførebuingane er på g og me jobbar på. Denne veka lagar ein farsdagskaker ...
05/11/2025

Glad midtveke, folkens! November har kome, juleførebuingane er på g og me jobbar på. Denne veka lagar ein farsdagskaker på kjøkkenet, treavdelinga har laga ny variant av det årlege juletreet, og på vaskeriet hegnar vi godt om dei trufaste kundane våre🌸🌸
Det har vore ein aktiv haust. I butikken har me fått inn varer frå andre lokalmatprodusentar, og sel mellom anna no eplemosten Freisting frå Skøssn gard, og flaskane flyr ut. I tillegg har me fått eindel nye kundar på vaskeriet (🎊🎊), pluss at me førebur oss på alt som skal skje fram mot jul.

Køyr på, folkens! Kom innom oss om du treng noko, det vere seg dynevask, farsdagskaker eller julestjerner til å henge på veggen i adventstida✨️✨️

God lillelørdag-helsing frå gjengen i Idrettsvegen🥰

Adresse

Idrettsvegen 1a
Manger
5936

Åpningstider

Mandag 09:00 - 15:00
Tirsdag 09:00 - 15:00
Onsdag 09:00 - 15:00
Torsdag 09:00 - 15:00
Fredag 09:00 - 15:00

Telefon

55602472

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Aufera as legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Aufera as:

Del