29/12/2025
Her kjem litt gladnytt på tampen av året! Hausten 2026 kjem fraktebåtentusiasten Dag Inge Leiren med ei stasbok om sandfrakt og fraktebåtar i heile Osterfjorden. Her vert det foto og omtale av rundt 190 fartøy i kronologisk rekkjefølgje frå 1900 og like fram til i dag. Det blir også skildringar, historier og sitat frå ei rekkje personar knytt til fraktefarten, lett krydra med songar og dikt som går rett i hjartet på oss som har vakse opp ved ein fjord. Mange hugsar nok boka hans frå 1993 om fraktebåtane i Stamnes (sjå foto). Heilt sidan den tid har Dag Inge tumla med tanken om ei meir komplett historie for heile Osterfjorden. Dette blir no ein realitet!
Boka til Dag Inge Leiren kjem ut på Leirfuglen Forlag hausten 2026 og blir ei solid og utfyllande oppfølging av årets suksess SANDFOLKET, signert brørne Inge og Jarle Kallestad. Sandfolket har nådd ut til heile landet, og to opplag vart utselde i løpet av to månadar. Tredje opplag kjem frå trykkeriet 20.-25. januar. Du kan førehandsbestilla Sandfolket på www.leirfuglen.no.