Lom Fjellstyre

Lom Fjellstyre Lom fjellstyre forvaltar bruksrettane i Vårdalen statsallmenning, Visdalen statsallmenning og Leir- o Vel 76 % av Lom kommune er statsallmenning. dekar.

Lom fjellstyre forvaltar bruksrettane i Vårdalen statsallmenning, Visdalen statsallmenning og Leir- og Bøverdalen statsallmenning, som tilsaman har eit areal på ca. 1.2 mill. I tillegg til dette ligg 95 % av Finndalen statsallmenning i kommunen. Denne er på 267.000 dekar og har sitt eige styre samansett av representantar frå både Lom, Skjåk og Vågå kommunar. Ein liten del av allmenningarealet ligg

nord for Otta elv og hovuddalføret og fråskild det andre, medan resten samanhangande ligg sør for Otta elv og utgjer sentrale delar av Jotunheimen. Statsallmenninga omfattar m.a. vel halvparten av Jotunheimen nasjonalpark, eller ca. 600 dekar. Mest heile allmenninga er høgfjellsterreng. Berre 2 % av arealet ligg under tregrensa. Terrenget og landskapet er vekslande. Frå vide dalar og avrunda landskapsformer i grenselandet mot Sjodalen i aust, går landskapet over til meire opprevne fjellformasjonar og trongare dalar mot Vest-Jotunheimen. Omlag halvparten av alle 2000meters-toppane i landet ligg i statsallmenninga, deriblant dei to høgste, Galdhøpiggen og Glittertind. Inne iblant desse toppane ligg ei mengde brear av varierande storleik, der Smørstabbreen med sine 15 km2 er den største. Riksveg 55 over Sognefjellet går igjennom dei vestlege delane av allmenninga. Dette er den høgstliggjande fjellovergangen i landet med eit høgste punkt på 1435 m.o.h. Elles går det ei rekkje bomvegar inn i allmenninga. Dei fleste av desse endar opp ved turisthytter. Det går bomveg til Juvasshytta, Leirvassbu, Spiterstulen, Høydalsseter, Sålell og Veodalen. Vegen opp til Juvasshytta, som ligg på 1840 m.o.h., er det høgste ein kjem med bil her i landet. Andre tilkomstvegar til allmenninga er med rutebåten over Gjende til turisthyttene Memurubu og Gjendebu. I Statsalmenninga er det omlag 140 små og store fiskevatn, og 130 km med fiskeførande elver og bekkar. Aure er det einaste fiskeslaget. Berre eit fåtal av vatna er sjølvrekrutterande, og det blir såleis sett ut eitt- eller to-årig settefisk i dei fleste vatna. Det høgstliggjande fiskevatnet er Juvvatnet på 1835 m.o.h. Almenninga har og gode bestander av både storvilt og småvilt.

Minner om at søknadsfrist for støtte frå fjellstyret er 1. juni.
05/05/2026

Minner om at søknadsfrist for støtte frå fjellstyret er 1. juni.

Stønad frå fjellkassaFjellstyret kan løyve midlar til ymse formål etter føresegnane som er gjeve i §11 fjellova: “Fjellstyret avgjer ved vedtak korleis overskot i fjellkassa skal nyttast. Er overskotet større enn det som trengst til tiltak innan allmenningen, kan det av det overskytande lø...

22/04/2026

Lom fjellstyre forvaltar Vårdalen, Visdalen og Leir- og Bøverdalen statsallmenningar i Lom kommune, eit areal på ca. 1,2 mill. dekar.  Arealet omfattar ca. halvparten av Jotunheimen nasjonalpark og delar av Breheimen nasjonalpark med tilliggande verneområde. Lom fjellstyre søkjer etter s

02/04/2026
01/04/2026
03/03/2026

Fjellstyremøte 1-2026 vart avhalde 2. mars. Møteprotokoll finn de her. Det er gjort vedtak om framlegging av forslag til endringar i reglar om storviltjakt til offentleg gjennomsyn. Sjå her for meir informasjon.

https://www.lom-fjellstyre.no/aktuelt/fjellrev-i-leirdalen
01/02/2026

https://www.lom-fjellstyre.no/aktuelt/fjellrev-i-leirdalen

Det er observert ein blå fjellrev i Leirdalen. Fjellreven har to ulike fargevariantar, blå og kvit. Den blå varianten er brungrå heile året. Forutan størrelse og eit meir kompakt utrykk enn raudrøv, er kort nese, stutt rompe med mangel på kvit haletipp og små, avrunda einsfarga ører typisk...

Lom fjellstyre har 10 hytter av varierande storleik og standard. Nokre er tilgjengelege for leige, nokre er forbehalde o...
29/12/2025

Lom fjellstyre har 10 hytter av varierande storleik og standard.

Nokre er tilgjengelege for leige, nokre er forbehalde oppsynet, beitebrukarar eller innanbygdsbuande heile eller delar av året.

Oversikt over tillgjengelegheit, prisar, booking m.m. finn du på heimesida vår.

Hyttekalenderar er oppdaterte og det er no opna for booking året 2026. For meir informasjon om prisar, tilgjengelegheit og booking sjå her .

Adresse

Brubakken 2
Lom
2686

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Lom Fjellstyre legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Lom Fjellstyre:

Del