BRA FOR NATUREN - ENKELT FOR DEG
striik er eit enkeltpersonforetak som held til ved vakre Dalsfjorden i Volda. Innehavar og dagleg leiar Kristi er brennande oppteken miljøvern og prøver stadig å utvikle butikken i ei meir berekraftig retning. Gjenbruk kan vere at du kan bruke varene om og om igjen - at varene du kjøper får eit langt liv. Gjenbruk er også at gamle ting får nye liv. Fruktposane til
striik, til dømes, har allereie levd eit langt liv som blondegardiner. Etter ei runde med saks symaskin, fekk dei eit nytt liv som kan vare i mange, mange år! Alle varene i nettbutikken er plastfri, inkludert emballasjen du mottek varene i. Så langt det let seg gjere, sender striik pakken til deg i gjenbrukt emballasje. striik oppfordrar alle leverandørar til å ikkje bruke plastemballasje, og samarbeider med desse for å finne dei beste løysingane. Dersom det skulle vere plast på nokre av varene striik mottek frå leverandørar, tek striik ansvaret for resirkulering av denne emballasjen. Dersom du har innspel, eller synest noko manglar i butikken, må du gjerne ta kontakt på [email protected]. striik skal vere bra for naturen og enkelt for deg!