11/06/2025
Egne erfaringer og betraktninger ved fiske med flue etter kveite så langt;
Brukt eindel tid på YouTube for å lære meg oppbygging, materialbruk og binding av fluene. Sett mykje på videoen til Niklaus Bauer og har henta all informasjon og inspirasjon fra den før turen;
https://youtube.com/watch?v=qUwUICMdQI4&si=7ypnYxXL-E78EabM
Vrient å lage fluer basert på eit fiske en ikkje aner noko om;
Korleis å kaste dette?
Korleis synker dei?
Holdbarhet?
Farge og materialvalg?
Og mengder materialbruk?
Mine betraktninger angående fluene er følgende; vekt bør væra over 2.5 gram vekt på toppen av flua. Gjerne meir, er merkelig enkelt å kaste sjølv tunge fluer med stang klasse 11, og fluevekta er ikkje det som sliter en ut, heller vekt på snelle og løfting av synkeline og kasting i vind.
Utvilsomt problem å få ned fluer med for mykje material. Desse slites ut ved kontakt med bunn, men dette skjer ikkje hvis en ikkje kjem ned 😊
Vekta nokre fluer med lite materialer på "toppen" (undersida når flua er i vatnet) og desse gjekk fort ned i vatnet, og kan vera ein smart måte å binde på hvis en har lettere stangklasse.
Viktigste på flua er utvilsomt dragontail, som gjer forholdsvis moderat store fluer lange og gir utrulig kul effekt i vatnet.
Fiska med blå og grønne, men den oransje flua virka etter mi meining best, den kom fisk etter på fleire ganger. Kanskje var det plassen? Men trua ligger litt i fargen, og når me fiska på "natt", altså i midnattsola så var det svakere lys i vatnet og då foretrakk eg dragontail i sølv eller gull då eg trur dei drar inn fisk fra større distanse.
Krok; kjøpte 6/0 og 8/0 men kjem nok for framtida kun til å gå for 8/0.
Grunnen: det er så grov og glupsk fisk at en må ha godt tak. Å kaste er som tidligare beskrive ingen problem, men med bruk av mykje materialer, UVlim og i tillegg auge på flua så tar det av krokgapet på ein 6/0 krok.
Såg på enkelte av mine fluer at ved for mykje bruk av lim i materialene så vart gapet i minste laget, så ikkje stuss på bruk av 8/0 hvis en har stang til det.
Eit godt tips til binding kan vera å bruke mindre materialer ved kvar innfesting som spres godt.
Nok om fiske og fluene for no, fortsettelse kjem 🎣