Fjord Gardsmat

Fjord Gardsmat Fjord Gardsmat – Vi lagar handverksmat som tek tid -
Spikjemat av gris og geit, spikjepylser m.m.

Vi strekkjer oss mot å lage matprodukt som er allergivenleg og moderat salta. I lengst mogeleg grad nyttar vi råvarer som er lokale, eller norskproduserte.

19/03/2025

Vi vil takke alle våre tidlegare kundar, og Bondens Marked som har vore våre støttespelarar!
Etter 10 års hardt arbeid må vi desverre avslutte vårt selskap av omsyn til familien.
Med helsing Grete og Roger

Hei! Dette året har vi måtte trappe ned vår drift og produksjon. Siste marknaden vi deltek på vert BM i Bergen 14. desem...
16/10/2024

Hei!
Dette året har vi måtte trappe ned vår drift og produksjon.
Siste marknaden vi deltek på vert BM i Bergen 14. desember 2024. Bondens marked i Bergen

Vareutvalet i år er svært avgrensa til å vere:
* 4 - 5 sortar spikjepylser
* og spikjemat av svin, så langt som lageret rekk.
-> Vi har desverre ikkje laks, julemat, eller ribber i år.

Gjer eit kupp! Velkomne innom oss på laurdag!😃 Vi sel ut  all frysemat av kje og geit med 25% avslag! 👍 Nydeleg kje til ...
14/06/2024

Gjer eit kupp!
Velkomne innom oss på laurdag!😃 Vi sel ut all frysemat av kje og geit med 25% avslag! 👍 Nydeleg kje til grillmat og skankar til curry. 🤩

Lørdag 15. juni kl. 10-16 inviterer vi deg til sesongens siste Bondens marked i Bergen. Denne gangen på Vågsallmenningen som del av Torgdagen i Bergen 2024 ☀️ ⚓💛 Torgdagen i Bergen

Perfekt anledning til å sikre seg kortreist mat til sommerferien - rett fra bonden 💛

Mer info: https://bondensmarked.no/markedsdag/2024-06-15-vagsallmenningen-2821

VI MØTAST ATT I JUNI, VELKOMNE INNOM Bondens marked i Bergen, 8. OG 15. JUNI TIL SOMMARMARKNAD! ☀️🤩😊
19/04/2024

VI MØTAST ATT I JUNI, VELKOMNE INNOM Bondens marked i Bergen, 8. OG 15. JUNI TIL SOMMARMARKNAD! ☀️🤩😊

JUNI DEN 8. OG 15. ER NESTE GONG VI MØTAST PÅ Bondens marked i BergenVI VIL DÅ HA MED FLEIRE SPIKJEMATPRODUKT UTANOM DES...
08/03/2024

JUNI DEN 8. OG 15. ER NESTE GONG VI MØTAST PÅ Bondens marked i Bergen

VI VIL DÅ HA MED FLEIRE SPIKJEMATPRODUKT UTANOM DESSE, OG FRYSEVARER:
* Spikjelår av Fjordageit
* Bukkehorn, spikjepylse av geit, mild og mager
* Gullinbursti spikjeskinke
* Audhumbla spikjepylse av storfekjøt med basilikum og pepar
* Sæhrimnir spikjepylse av gris med kvitlauk og oregano
* Gullinbursti spikjeskinke
* Spikjefilet av gris

Vi er attende med frysevarer i juni. 😃
Velkomne til Bondens marked i Bergen

KVA KAN VEL HENDE NÅR EIN ENDELEG KAN TA FERIE? Året 2024 starta godt med å ta ein vel fortent ferie til utlandet. Etter...
20/02/2024

KVA KAN VEL HENDE NÅR EIN ENDELEG KAN TA FERIE?
Året 2024 starta godt med å ta ein vel fortent ferie til utlandet.

Etter tre dagar i sola ser vi på overvakingskamerat at det er noko rart med temperaturen på fryseanlegget! 😮🥶 Vi heiv oss på telefonen for å tak i slekta, slik at nokon kunne ta turen innom produksjonslokalet for å sjekke, og jaudå, her var det noko skikkeleg gale. Temperaturen på det store fryserommet hadde stege. 🤯😟
Den koselege ferien vart brått gjort om til stress. Vi måtte få tak i dei rette folka som kunne sjekke det elektriske og kjøle- og fryseanlegget. 🧐
Samstundes måtte vi finne løysingar på å redde alle frysevarene. Heldige var vi som klarte å få tak i nokon i familien som kunne stille på kort varsel til å få frysevarene over i andre mindre frysarar rundt om.
Medan redningsaksjonen gjekk føre seg, hadde ekspertane funne ut at den ein kompressoren til kjøle- og fryseanlegget var øydelagt, han hadde slutta å gå. So kva med kjøleromma?
Heldigvis vart dette ikkje eit problem, då den andre kompressoren held seg stabil.
Det vart jobba på spreng for å redde frysevarer, men heltane våre måtte gje opp, då dei ikkje klarte å finne meir frysekapasitet rundt om. Vi takkar dei så mykje, for ein kjempejobb dei gjorde for oss! 👏👏👏
Sjokkert måtte vi finne oss i at store delar av råvarelageret vårt var tapt. 😥 Dette må eg sei la ein skikkeleg dempar på ein elles så fin ferie.
Vi jobbar no med å få organisert den vidare produksjonen og papirarbeid opp mot forsikringsselskapet. Så satsar vi på å vere på Bondens marked i Bergen før påske. 👍

SISTE Bondens marked i Bergen OG VI HAR JOBBA PÅ SPRENG FOR Å HA MED JULEMAT TIL DYKK! 😊 🤩SISTE FJORDASYLTA ER PRESSA OG...
14/12/2023

SISTE Bondens marked i Bergen OG VI HAR JOBBA PÅ SPRENG FOR Å HA MED JULEMAT TIL DYKK! 😊
🤩SISTE FJORDASYLTA ER PRESSA OG KLAR!
🐟OG ÅRETS SISTE SPIKJELAKS
🥓VI HAR OGSÅ SALTA OG TØRKA RIBBER AV KJE OG GRIS!
🥩OG SJØLVSAGT MYKJE GOD SPIKJEMAT!
VELKOMNE INNOM OSS!
GOD JUL FRÅ GRETE OG ROGER🤶🥳

VELKOMNE til å møte oss i ELDHUSET på Lillingstonheimen på Tysse i morgon, sundag frå kl 13 - 16. Juleprodukt: Syltefles...
09/12/2023

VELKOMNE til å møte oss i ELDHUSET på Lillingstonheimen på Tysse i morgon, sundag frå kl 13 - 16.
Juleprodukt: Sylteflesk, Rull av Fjordageit, salta og tørka svineribber der nokre er røykte, Spikjelaks.
Spikjemat og spikjepylser av gris, geit og storfe.

Meir info om våre produkt finn de på heimesida vår: fjordgardsmat.no

07/12/2023

Adresse

Trollefossvegen 25
Holmedal
6982

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fjord Gardsmat legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Fjord Gardsmat:

Del