Opplev Hareid

Veibeskrivelse

Opplev Hareid Opplev Hareid:
Seinsommarfest- alltid veke 32
Førjulstid - alltid 1.helga i advent
Hareidsstemna - alltid veke 42

09/11/2026

🎄✨ Førjulstida nærmar seg, og vi gler oss til å skape god julestemning på Hareid!

Tradisjonen tru inviterer vi til ei hyggeleg feiring med aktivitetar for både store og små og mange fine opplevingar. ❤️

Vi gler oss til å feire saman med dykk!

🎅 Velkomne til førjulsfeiring på Hareid 27.–28. november!

Fredag 27. november – Førjulsfest i parken

18.00 – Tenning av julelysa i sentrum og stjerna i Melshornlia. Appell, gang kring juletreet, gratis julegløgg, klementinar, pepperkaker og musikkinnslag. Fakkeltog til kyrkja.

19.00 – «Julenatt i stallen»

Laurdag 28. november – Førjulslaurdag i Kjøpmannsgata

11.30 – Salsboder i Julegata

11.45 – Julenissen kjem med hest og kjerre

12.00 – Underhaldning frå scena: Nissen les til borna, song og musikk

13.30 – Utdeling av Frivilligprisen

14.00 – Avduking av pepparkakebygda i Julehuset

For ein kveld! ❤️Årets Stemnefest vart ein fantastisk kveld under Hareidsstemna – fylt med musikk, humor, sterke innslag...
19/10/2026

For ein kveld! ❤️

Årets Stemnefest vart ein fantastisk kveld under Hareidsstemna – fylt med musikk, humor, sterke innslag og utruleg mykje talent på scena.

Vi er imponerte over profesjonaliteten, engasjementet og den gode stemninga gjennom heile kvelden. Det er noko heilt spesielt å sjå så mange dyktige menneske samlast og skape slike opplevingar saman.

Og ikkje minst – så kjekt å sjå så mange i salen! Tusen takk til alle som kom, heia, lo, lytta og var med på å skape den gode stemninga.

Timane gjekk altfor fort, og vi sit igjen med mange fine inntrykk etter ein verkeleg flott kveld.

Tusen takk til alle som stod på scena, alle som jobba bak kulissane, alle som var med på å organisere arrangementet – og alle de som kom og var ein del av festen.

Vi gler oss allereie til neste år!🥰

Gratulerer Jardtrud Hareide og Johannes Røren med Kulturprisen 2026 – Hareidsprisen!🎉Gjennom mange år har de lagt ned ei...
19/10/2026

Gratulerer Jardtrud Hareide og Johannes Røren med Kulturprisen 2026 – Hareidsprisen!🎉
Gjennom mange år har de lagt ned eit imponerande engasjement og utallige timar i Seinsommarfest. De har vore med på å skape ein møteplass som samlar folk, skaper gode opplevingar og gir liv og energi til Hareid.
Bak ein slik festival ligg det mykje arbeid som ikkje alltid er synleg – planlegging, samarbeid, avtalar, organisering og eit stort personleg engasjement. Det krev både pågangsmot, kreativitet og vilje til å stå på over tid.
Vi i Opplev Hareid er veldig stolte av dykk og av alt de og alle dei andre frivillige har fått til for Seinsommarfest og for Hareid. Denne prisen er meir enn velfortent!
Tusen takk for engasjementet, innsatsen og alt de gjer for lokalsamfunnet vårt. Gratulerer!🤩

Det er plass til fleire på julemarknaden! 14 utstillarar blir med, men det er plass til deg også👍 Ta kontakt og bli med😃
17/10/2026

Det er plass til fleire på julemarknaden! 14 utstillarar blir med, men det er plass til deg også👍 Ta kontakt og bli med😃

Vi gler oss til 28.november og julemarknad i Kjøpmannsgata igjen 🎄
Har du noko du ønskjer å selje på julemarknaden? Då inviterer vi deg til å melde deg på i god tid. Vi tilbyr ulike salsplassar, både med og utan straum.
For påmelding eller spørsmål kan du ta kontakt med leiar for Aktivitetsgata, Christine Erdal, på e-post: [email protected]

16/10/2026

🎶 Velkomen til Stemnefesten under Hareidsstemna!

Det blir ein kveld fylt med musikk, song, kultur og gode møte – med mange flotte lokale aktørar på scena.

✨ På programmet:

• Hareid kulturskule med Circle of Life
• Hareid kammerkor
• Grimstadkoret
• CorSonus
• Ringstar
• Musikklaget Melshorn
• The Feelgood Horns
• Markus Bjørlykke
• Kong Arthur-spelet
• Programleiar Ole Rolvsrud
• Stemnetalar Halvor Viste Berg
• Utdeling av kulturprisen Hareidprisen
• Matpause med tid til prat

📅 17. oktober kl. 19.00

🎟️ Billettar: kr 300,-
Kjøp billett no på Vipps nr. 715101, eller ved inngangen.

13/10/2026

Vikebladet Vestposten - ofte berre Vikebladet på folkemunne. Kontor i Ulsteinvik.

Adresse

Hareid
6060

Nettsted

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Opplev Hareid legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Snarveier

Del

Butikker i nærheten