Reisegalskap

Reisegalskap På denne sida vil du finne vist og gale om reiseverksemda mi i fortid og framtid, hovudsakleg i form av reisebrev i bokform eller i sanntid.

Dag 3: Eg er altså på ei reise gjennom India med tog, og det er ei forvitneleg oppleving i seg sjølv. Fyrste strekket va...
12/11/2024

Dag 3: Eg er altså på ei reise gjennom India med tog, og det er ei forvitneleg oppleving i seg sjølv. Fyrste strekket var frå Delhi til Varanasi, ei reise på 8 timar med ekspresstog. Eg var ute av senga kl. 03:45 for å kunne vere reiseklar i hotellresepsjonen kl. 04:30 for å rekke toget kl. 06:00. Det tek ei rid for meg å omrøme meg på romet midt på natta. Ikkje minst hugse å få med seg alt sparket mitt vel pakka og surra i prinsa mi.

Me fekk ingen frukost, men ein kaffi ved skranken og niste i ei pappøskje med hank. Eg var ikkje før ute av hotellet, før øskja klappa i hop og all nista hamna på asfalten. Til all lukke hadde eg ein skopose for hand, så eg fekk berga alle dei søte kakene som var i øskja. Eg vona berre at der var nokolunde reint for hundelort etter alle laushundane i byen, der kakene mine trilla i ein vid ring. Litt flaks må ein rekne med å ha.

India Railways er som fortalt verdas største arbeidsgjevar med 1,5 mill. tilsette, så alle må ha noko fornuftig å gjere, slik å sjå til i alle fall. Reisefylgjet vart alt då me steig av bussen omringa av eit heilt arbeidslag i raude skjorter med ein streng arbeidsformann som merka seg ut med eit bommullssjal om lag som ein badehanduk over skuldra. Me fekk ikkje leggje hendene på ein einaste eignalut, før alt vart surra himmelhøgt på ei handkjerre, og borte var det. Guiden roa oss med at det var ingen grunn til uro. Bagasjen ville vere framme ved vogna vår i tide.

Me brøyta oss gjennom folkehavet av reisande og alle slags kramkarar og -kvinner som baud på hefte med postkort, kjøleskapsmagnetar og fargerike halskjede og armband. Like eins tiggarar i alle variantar frå kvinner med eit sovand barn på armen til invalidar som kravla seg fram på asfalten. Røyken låg tjukk over plassen frå alle matseljarane som alt hadde fått fyr på dei kolfyrte omnane sine, og handelen med nistemat til dei reisande såg ut til å gå strålande.

Etter mykje baksing og brøyting var me framme på perrongen. Og syn og bin, der stod kjerra med sparket vårt og heile arbeidslaget samla ikring. Det som for oss ser ut som det reine kaos, er tvert om ein orden og logistikk me ikkje skjønar.

Der stod me og venta på perrongen. Me var lova nummererte sitjeplassar i nest høgste klasse på Indias nyaste togsett, som sjølv statsminister Modi nyttar når han har trong om å vere folkeleg, og toget har fritt leide på alle stasjonar.

Toget kom, og det var laaaaaangt. Raudskjortene med bagasjekjerra vår hadde funne på meteren nett den vogna me skulle stige på, ja, jamvel rette døra. Det var berre å stige inn og finne den nummererte plassen kvar og ein av oss hadde fått tildelt.

Det var då spetakkelet byrja. Det vart straks ein kompakt propp i midtgangen av reisande frå begge retningar med enorme koffertar og pappkasser på hovudet og i knehøgde, som dei lyfta opp i ei altfor grunn bagasjehylle. Eg vona berre at toget ikkje måtte gjennom krappe kurver, for då ville sentrifugalkrafta truleg krevje fleire liv.

Seta vart snøgt opptekne, og me smålåtne skandinavar vart ståande perplekse. Det var i denne agneblinken eg konstaterte at gener for ein viss intimsone må forlengst vere utrydda i India. Like eins genet for klaustrofobi. Det nytta ikkje å syne fram plassbillett som på flyet, for det såg ut til at same setet var booka til både to og tre personar, og ingen som hadde fått sett seg ville vike. Fire-fem funksjonærar med ulike distinksjonar og skjoldahuer måtte til for å løyse opp denne linevasen.

Det enda med at halve fylgjet vårt måtte flytte 10 vogner fram med all bagasjen sin, som raudskjortene hadde stua så pertentleg i gangen mellom vognene. Eg gjorde krav på bestefarstatus og slapp å flytte.

Toget tok av, og roa senka seg. Men Idyllen vart broten av eit utrop frå setet ved sidan av meg. Det var Lina frå Stockholm som hadde sjekka nista som mannen hennar, Hans, hadde lagt i den kostbare tote-bagen hennar. Øskja hadde vorte klemd i hop i kampen om sitjeplassar, og ein muffins med noko som likna blåbærsylte hadde gått i oppløysing og var grundig smurt ut over innsida av tote-bagen - og alt som i den var. Eg sjekka skoposen min, og same fadesen hadde skjedd der. Eg tok det med meir ro, ettersom eg rekna med at muffinsen min alt var infisert med hundelort.

Eg fekk verje av eit samanbrot i dei romantiske relasjonane hjå ekteparet ved å steppe inn som redningsmann med ein uspretta pakke våtserviettar frå Europris. Eg kunne jamvel presentere ein rull med søppelposar frå same etablissement til å verte av med blåbærsylta.

Men me hadde ikkje før fått i oss det som var att av den tilsulka nistematen vår, før det vart servering av ny frukost på toget. Kvar vogn hadde minst fire tilsette som jobba kontinuerleg med å proppe i oss mat og drikke. Den eine serveringa etter den andre i samfulle 8 timar vart avslutta med eit 5-retters varmt måltid plassert på eit brett med storleik som eit A4-ark. Og naturkreftene sytte sjølvsagt for at noko gjekk i golvet. Sjølv mista eg berre eit beger med te, og var såleis mellom dei heldige. Toget hadde berre tre stoppestadar, men ved kvart stopp vart det lasta inn heile berg av pappkasser med mat og drikke.

Indias nyaste togsett rasa avgarde i 129 km/t, og etter 8 timar kunne me stige av i Varanasi, Indias mest heilage by. Før me kom ut på perrongen hadde raudskjortene, i beit for kjerre, alt fått plassert bagasjeberget vårt på hovudet. Det var berre å slå lag med dei til bussen som skulle frakte oss til eit nytt 5-stjerners hotell.

Eine biletet er eit utsnitt av kampen om sitjeplass på toget. Raudskjorte-formannen med badehanduk over skuldra freistar å ordne opp, men høgare huer måtte tilkallast.

Dag 1: Eg er altså på ein oppfriskingstur til India utan i fylgje med Lappelina. Eg trur ikkje at det er fornuftig med e...
10/11/2024

Dag 1: Eg er altså på ein oppfriskingstur til India utan i fylgje med Lappelina. Eg trur ikkje at det er fornuftig med ein tur gjennom Mongolia med overnatting i jurter og gjæra hoppemjøk til frukost enno, enn seie frostnæter i Kalahari-øydemarka.

Så eg har meldt meg på ein skjerma tur gjennom eit reiseselskap som ikkje tek med eldre folk på fosseklatring i Peru. Ei togreise i India. Ei sløyfe søraustover frå Delhi, gjennom ei rad heilage byar og attende til Delhi.

India er jarnvegane sitt land. Og India Railway er verdas største arbeidsgjevar. Ikkje mindre enn 1,2 mill. personar jobbar dagleg på toget eller i tilknytte aktivitetar. Allereie i 1853 la britane ned dei fyrste skinnene frå Mumbai til Thane, knappe 4 mil.

Toget er det fremste transportmiddelet i India, både på korte og lange reiser. Jarnvegen har ikkje mindre enn åtte klassar. Reiser ein med den billegaste klassen, må ein vel sitje på taket, og den øvste Maharaja-klassen er med eigen vogn og eige tyende. No har eg reist med tog i Kina der nistematen på lengre reiser var eit bur med eit par høns i på fanget. Neppe slik på denne turen. Her vert det å reise med nest høgste klasse på booka sete, godt skjerma frå almugen med sine mange sjenerande lukter og læter.

Og hotella me skal bu på, briskar seg med fem stjerner og alt som der til høyrer. Det skulle ikkje forundre meg om der er fleire tilsette enn gjester. Truleg kan ein beint fram få nokon til å kleie seg om det skulle røyne på.
Nuvel, som Wiloch så treffande sa det, dette er ei treningsreise, der eg vert passa vel på. Det vert neppe høve til å gå seg vill på den kinesiske mur, eller trø feil og hamne hovudstups i Ganges i lag med pilegrimane og oska frå likbåla i Varanasi.

Eg har vel aldri ferdast i ei slik skjerma boble nokon gong, og eg er full av fordomar mot reisefylgjet mitt, som eg enno ikkje har møtt. Men dei er sikkert kjekke folk alle i hop. Dei brukar å vere det. Eg kom godt overeins med kristen-sionistane på tur til Israel óg.

Men eg kjem til å sakne den beste hyrdingen for å gå klar av skórfeste i ukjent terreng - Lappelina.

Dag 1: Veien til Agra. Kor mange er det som hugsar dette høyrespelet i Laurdagsbarnetimen, fyrste gong sendt i 1960? Då ...
09/11/2024

Dag 1: Veien til Agra. Kor mange er det som hugsar dette høyrespelet i Laurdagsbarnetimen, fyrste gong sendt i 1960? Då var eg 11 år, og det er knapt noko anna høyrespel som har gripe slik tak i meg. Spaninga var ikkje til å halde ut, og det var sju dagar å vente til neste laurdag. Dei fire episodane er etter ei bok av forfattaren Aimee Sommerfeldt, som skreiv mange bøker for born frå 30-talet og utover, frå ulike verdsdelar, men Veien til Agra er truleg den mest kjende.

Kort fortalt handlar det om guten Lalu, litt eldre enn meg den gongen, og systera hans Maja, 7-8 år, som må leggje ut på landevegen frå Allahabad til Agra, 50 mil, for om mogleg berge synet til Maja. Ho er i ferd med å verte blind av den fæle augesykja Trakom. Det går rykte i landsbyen om at i Agra skal det finnast ein utanlandsk lækjar som kan lækje trakom, og Lalu og Maja vert sende av garde på eiga hand. Hunden deira, Kanga, kjem halsande i fara etter dei, og han er òg ein helt i soga.

Borna kjem ut for mangt og mykje langs landevegen, både tjuvar og kjeltringar, ein livsfarleg kobra og eit åtak av sjakalar. Dei siste vert jaga på røming av Kanga, som kjem att med blodute øyre, men elles i fin form. Dei møter óg gode hjelparar når det ser vonlaust ut å kome seg heilt til Agra, enn seie finne lækjaren som det går rykte om. Att på alt vert dei etterlyste for tjuveri av ein diamantring, uskuldige sjølvsagt, og èin gong må dei røme frå arresten gjennom ei takluke som Maja klarer å kome seg oppigjennom ved å stå på skuldrane til broren. Vel ute opnar ho døra til arresten.

Framme i Agra må dei fyrst finne ein onkel som dei vonar kan hjelpe dei til å finne lækjaren. Men onkelen er ikkje å finne i huset han skulle bu i, og borna vert kjeppjaga ut att på gata som tiggarpakk.
Det endar sjølvsagt roseraudt, slik det skal gjere. Då alt ser vonlaust ut, vert dei tilfeldig plukka opp av ein norsk sjukepleiar i UNICEF, og Maja bergar synet.

No er eg altså på veg til Agra, og 11-åringen sin draum går i oppfylling. Før eg fór, leitte eg fram høyrespela i NRK-arkivet og høyrde dei på nytt. Eg må vedgå at eg vart noko tjukk i halsen fleire gongar. Særleg den dramatiske «filmmusikken» mellom sekvensane, sette ein støkk i meg den gongen.

Kanskje eg og ved eit seinare høve kan fylgje i fotefara til journalisten Stanley frå Zansibar til Tanganykia-sjøen på leiting etter dokter Livingstone, som ingen hadde høyrt noko frå etter at han forsvant i jungelen i Aust-Afrika. Alle kjenner vel den vidkjende replikken: «Doctor Livingstone, I presume?» Dette var óg ein svært spanande høyrespelserie i Laurdagsbarnetimen på 60-talet. Og ikkje så lite rasistisk, etter dagens normer, vil eg tru. Eg har i mogen alder lese fleire bøker om Henry Morton Stanley sine groteske misferder blant «dei ville» i Afrika.

Grundige førebuingar er halve reisa. 😁
03/10/2024

Grundige førebuingar er halve reisa. 😁

Nokre lesarar om Desse mine Minste ... Domen: - Eg er no i sjette kapittel av boka, og du store tid kor spanande lesing....
23/08/2024

Nokre lesarar om Desse mine Minste ... Domen:
- Eg er no i sjette kapittel av boka, og du store tid kor spanande lesing.
- Fengslende, umulig å legge frå seg før siste side var lest.
- Eg har ein her som brukte nokre timar i to dagar, då var boka ferdiglesen.
- Takk for ei god bok, svært spennende og kunne ikkje slutte før siste side.
- Kjøpte trilogien i sommer og leste alle i ett jafs.
- Drama frå fyrst til sist i makelaus språkføring!
- Eit meisterverk av ei bok. Held lesaren i ånde dag og natt til den er ferdiglesen.

Du kan tinge boka/bøkene her: www.bit.ly/Tinge_Domen
Eller e-post: [email protected]. Du kan òg nytte Messenger eller SMS til 90976081. Kr 399, fritt levert på døra på Søre Sunnmøre, elles kr 73 i porto.

Meir enn 1.000 sider med spaning. Siste bandet i trilogien Desse mine Minste ... Domen ligg no føre. Alle gåter og framp...
15/06/2024

Meir enn 1.000 sider med spaning. Siste bandet i trilogien Desse mine Minste ... Domen ligg no føre. Alle gåter og frampeik i dei to fyrste banda får her eit svar. 396 sider for kr 399. Du kan tinge boka her:
www.bit.ly/Tinge_Domen
Eg leverer på døra eller i postkassa på Søre Sunnmøre, elles kjem det til kr 73 i porto. Du kan òg tinge på SMS 90976081, Messenger eller e-post: [email protected]

Då kan eg kunngjere at det vert bokslepp av Desse mine MInste ... Domen på Kosterikjedagane i Syvden 1. og 2. juni. Dei ...
29/05/2024

Då kan eg kunngjere at det vert bokslepp av Desse mine MInste ... Domen på Kosterikjedagane i Syvden 1. og 2. juni. Dei som MÅ ha boka til helga, kan få henne der. 396 sider for kr 399. Det høver godt med bokslepp i Syvden då eg òg har henta stoff til boka frå livet til ei kvinne derifrå. Eldre syvdingar vil nok finne ut kven modellen er mot slutten av boka.

Elles kan ein tinge Domen på denne linken:
www.bit.ly/Tinge_Domen
Eg leverer på døra på Søre Sunnmøre, eller sender med Posten så snart eg kan.

Det nærmar seg bokslepp av Desse mine Minste ... Domen. Fylg med!
25/05/2024

Det nærmar seg bokslepp av Desse mine Minste ... Domen. Fylg med!

Etter 11 år har eg fullført kallet mitt til å skrive ei kontrafaktisk historie om jenta som fraus i hel i Lassegards-nau...
15/05/2024

Etter 11 år har eg fullført kallet mitt til å skrive ei kontrafaktisk historie om jenta som fraus i hel i Lassegards-naustet natta til 2. januar 1770. No kan eg ha fred. Den gongen i 2013 kunne eg ikkje sjå føre meg at denne soga ville krevje 1.200 boksider før Rakel og Sina og Randina og Marta og Ramnen var nøgde og sleppte taket i meg.

Og eg undrast: Kvar kom dei frå desse sterke kvinnene, som i sine ulike fasar i livet, steig fram i forteljinga? Har dei alltid vore der omkring meg, usynlege berebjelkar under det skjøre reisverket som livet mitt er?

Kor som er, dei mange karakterane som steig fram frå inkje, har suverent gått sine eigne vegar, og eg har berre måtta fylgje etter så snøgt eg har vunne å taste.

No er det opp til trykkeriet og lesarane.

Der er ikkje berre alvor og ulukke i bøkene om Rakel. Her er eit lite utdrag frå ei bitande replikkveksling mellom Pette...
16/12/2022

Der er ikkje berre alvor og ulukke i bøkene om Rakel. Her er eit lite utdrag frå ei bitande replikkveksling mellom Petter, skreddaren, og Brit frå Elvaneset, eit nasegrev og ei slarvekjerring som Petter held henne for.

Det er enno ikkje for seint å skaffe seg framhaldsoga Desse mine Minste ... med dei to banda Fonna og Vreiden til jul. Bøkene kostar kr 399. Men du kan få begge bøkene til kr 599.

Du kan bruke denne lenka www.bit.ly/Bestille_Vreiden eller e-post til [email protected]. Det går også greitt med SMS og Messenger. Eg leverer fritt på døra på Søre Sunnmøre, elles kr 70 i porto.

Er du enno i tvil om den rette julegåva til den soge- og språkinteresserte? Då er framhaldsoga Desse mine Minste ... med...
09/12/2022

Er du enno i tvil om den rette julegåva til den soge- og språkinteresserte? Då er framhaldsoga Desse mine Minste ... med dei to banda Fonna og Vreiden eit godt tips. Bøkene kostar kr 399. Men du kan få begge bøkene til kr 599.

Du kan bruke denne lenka www.bit.ly/Bestille_Vreiden eller e-post til [email protected]. Det går også greitt med SMS og Messenger. Eg leverer fritt på døra på Søre Sunnmøre, elles kr 70 i porto.

Adresse

Haddalvegen 92
Haddal
6064

Telefon

+4790976081

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Reisegalskap legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Reisegalskap:

Del