04/12/2023
Vi ønsker Rikke hjertelig velkommen til Bagorama Førde 💕
RIKKE (27) SKAL FØRE TRADISJONEN VIDARE 😀👍😀
Etter 38 år i bransjen sluttar no Jorunn og Kjellaug på Bagorama. Inn som ny butikksjef kjem Rikke Marie Jordanger. - Det er store sko å fylle, smiler 27-åringen på sin første arbeidsdag.
Med Kjellaug Sørebø og Jorunn Selseng Aasen er ei aldri så lita handelshistorie over i handelsbyen Førde. Dei to sognejentene kom hit i 1977, og då dei i 1985 oppretta veske- og gåvebutikken BUA AS hadde dei nok ikkje tankar på at dette skulle bli deira livsverk, og at dei skulle halde det gåande i bransjen i 38 år.
Tid for alt 😘😘😘
- Det har vore fantastisk, men det er ei tid for alt. Og ingen er uerstattelege. Det har vi svært mange bevis på, smiler Jorunn medan ho orienterer den nytilsette sjefen i arbeidsrutinane ved Bagorama-butikken på Alti Førde.
- Dette blir spennande for meg, og noko eg verkeleg ser fram til. Eg har gjennomført bachelor-grad i marknadsføring i Bergen, og har vore butikktilsett både på Coop og apotek tidlegare. Men å overta
etter Jorunn og Kjellaug blir nok store sko å fylle for meg, smiler breimsjenta som framover vil vere å finne i Bagorama-butikken i 1.etasje i sørbygget på ALTI Førde.
Elskar folk 😀😀😀
- Eg bur i Naustdal saman med sambuaren min, og har heldigvis ikkje så lang reiseveg. Eg kjem opphaveleg frå Breim, og er svært glad for at eg har fått denne jobben. Eg elskar å jobbe med folk, og
trur dette er midt i blinken for meg, seier 27-åringen.
I følgje Jorunn Selseng Aasen var det mange søkjarar til jobben, og at dei er veldig tilfredse med at Rikke er den nye sjefen.
Avslutta historie 😘😘😘
- No kan vi avslutte dette kapitelet, og som du ser, så ser du her kva eg skal fylle tida med framover. Eg har jo blitt bestemor, ler Jorunn i kjent stil og løftar opp barnebarnet som tilfeldigvis akkurat vart trilla inn i butikken.
- Det skal bli godt å avslutte arbeidet på Bagorama for både Kjellaug og meg. Og vi ser verkeleg fram til å sjå Rikke føre tradisjonen vidare, seier Jorunn medan Rikke tek seg av kundar i butikken.
Senterkontoret på ALTI Førde takkar Jorunn og Kjellaug for ein fantastisk innsats sidan oppstarten, og helsar Rikke velkomen inn i ALTI-familien. 😘
Tekst og foto: Stig Roger Eide