Samspel

Samspel Eg heiter Ingvild Espedal, har ein bachelor i idrett, ernæring og helse og er utdanna idrettspedagog.

Eg har utendørs trening fleire gongar i veka, bedriftstrening, helge-retreats og tilbyr digital helseveiledning 😊 Her får du naturbasert treninggstips, matoppskrifter og nyhende om tilbod du kan nytte deg av.

Godt Nyttår😍🥳Håpar alle har hatt ei nydelig jul, er komt i gang att med vanlege dagar - sjølv om det kan vere ein brå ov...
07/01/2026

Godt Nyttår😍🥳

Håpar alle har hatt ei nydelig jul, er komt i gang att med vanlege dagar - sjølv om det kan vere ein brå overgang, så går det seg til !

Det er snart oppstart med utetrening med Samspel att - for at alle skal svinge seg rundt å melde seg på set eg påmeldingsfrist til komande sundag 11.januar.

Ver obs på at tidspunkt i Dale og Flekke er litt endra, og onsdagsøkta på Hellevika er flytta til torsdagar. Det er også no mogleg å melde seg på lunsjøkta i Flekke på onsdagar, via skjema😁

Timeplanen ser slik ut, oppstart i veke 4:

💪MANDAG (første økt 19.januar) :

kl.17.45-18.45 i Dale (bak Dingemoen skule)
kl.19.05-20.05 i Flekke (på skuleplassen)

💪ONSDAG; lunsjtrening (første økt er 21.januar):

kl.11-11.15 i Flekke, utanfor lokala til Norconsult ved den gamle kaia

💪TORSDAG (første økt 22.januar):

kl.18.30-19.30 Hellevika (utanfor butikken)

Vi følger skuleruta, så når dei vekene det er påskeferie og vinterferie er det inga organisert trening av meg. Det er også nokre raude dagar som går ut - men les alt i påmeldinsskjema så har du all info!

Trykk under så kan du melde deg på - send meg melding om du lurer på noko☺️☺️

Gler meg til nye økter !!

TIMEPLAN ER: MANDAG (første økt 19.januar) : kl.17.45-18.45 i Dale (bak Dingemoen skule) kl.19.05-20.05 i Flekke (på skuleplassen) ONSDAG; lunsjtrening (første økt er 21.januar): kl.11-11.15 i Flekke, utanfor lokala til Norconsult ved den gamle kaia TORSDAG (første økt 22.januar): kl.18.30-19...

18/12/2025

Attende luke i julekalendaren 🥳🤸‍♀️

Ganske godt å slappe av med ungane som stod på ski og leika i bakgrunnen- då treng ein ingen ekstra bakgrunnsmusikk🤗

Kunsten er å klare å slappe heilt av i skuldre, armar og til slutt - nakke. Når du trur du har slept nakken, slepp den ned litt til så kan du vere ein av dei som kjenne det tøyer og strekke heilt frå ankelen og heile vegen opp til nakken🥰

Pust djupt ned i magen og ha fokus på avspenning!

13/12/2025

Trettende luke I kalendaren😍🥳

Vi testa ut denne varianten første veka, no vil eg vi skal øve oss endå litt meir på smale armhevingar 👌😊

Den er tung og knakande effektiv- og gå gjerne ned på kne for å sikre god teknikk!

Du vert ein racer til å kjevle ut småkakene etter denne!!😂👊

God laurdag alle saman!!

11/12/2025

Ellevte luke i julekalendaren 🥳🤸‍♀️

Denne mobilitetsøvelsen er kjempegod for å få ein god strekke av ryggen, her kan ein ligge og slappe av 🥰

Nyt den!

09/12/2025

Niende luke i kalendaren 🥳🤸‍♀️

Det er utrulig mange gode øvelsar du kan gjere i dissestativ eller andre typar leikeapparat🤩

Her er ein fantastisk øvelse for mage -og kjernemuskulatur 🥳 prøv å hald kroppen mest mogleg i ro og du kan enten gjere den med tilnærma strake bein (eller heilt om du har ein plass du kan strekke deg heilt ut) eller med bøy i knea😁👌

God mageøkt!

Adresse

Espedal
Flekke I Sunnfjord
6968

Telefon

95435127

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Samspel legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Samspel:

Del