Vassliås/Ulvik gard

Vassliås/Ulvik gard Vassliås/Ulvik gard er eit lite småbruk, som ligg på den idylliske plassen Vassliås. Her kan ein verkeleg finne roen.

Garden er under renovering, så følg oss på denne sida, så vil du kunne ta del i utviklinga :)

Her på Låsen er vi så heldige å få delta i eit forskningsprosjekt gjennom NIBIO sin forskingsstasjon på Fureneset 😊 Denn...
19/08/2026

Her på Låsen er vi så heldige å få delta i eit forskningsprosjekt gjennom NIBIO sin forskingsstasjon på Fureneset 😊 Denne sommaren har dei eit prosjekt gåande, som handlar om pollinerande insekt i skog. Så då ville dei bruke skogen her oppe til å samle inn insekt via feller i ulike typar skog (lauvskog, furu- og granskig).
Spanande👍

Åh, vad vi njuter🇸🇪🌞🚐
31/07/2026

Åh, vad vi njuter🇸🇪🌞🚐

Jaja....tullverket kan bare stå der dei...Gårdskjerringa nyt sin svippomtur til søta bror🇸🇪 med trellen og bobela🚐Skjønt...
28/07/2026

Jaja....tullverket kan bare stå der dei...Gårdskjerringa nyt sin svippomtur til søta bror🇸🇪 med trellen og bobela🚐
Skjønte at verden ikkje var stor då ho møtte naboane frå Hellebust på systembolaget🤣

På ein våt og regnfull dag fekk gardskjerringa og vesle budeia  besøk av to koselege og muntre damer frå heimbygda si🥰de...
24/07/2026

På ein våt og regnfull dag fekk gardskjerringa og vesle budeia besøk av to koselege og muntre damer frå heimbygda si🥰den eine av dei var dagmammaen hennar i barndommen og den andre ein sambygding🌞 ein flotte blom kom dei med og den prydar no kjøkkenbordet🌷 så kjekt med slike besøk😍
Ein omvisning i huset var på sin plass og der var mange kjekke lovord dei kom med🥰det sette både vesle budeia og gardskjerringa pris på👍veldig kjekt når gamle kjente tek turen inn her på Låsen og besøker utflyttarar frå bygda❤️

Så var den vesle utflukta over😀 Vart eigentleg ikkje så lita, for då gardskjerringa kom på perrongen i dag tidleg så var...
19/07/2026

Så var den vesle utflukta over😀
Vart eigentleg ikkje så lita, for då gardskjerringa kom på perrongen i dag tidleg så vart toget, etter ei laaaaang ventetid, innstilt😡 då var det på eigahand å finne ut kva som skulle skje...for VY tog er elendig på info til reisande på stasjonane utanfor Tigerstaden. Buss for tog....heilt til Bergen🙈men bussen gjekk 20 minutt før den sku så det var berre flaks at alle dei reisande kom seg med. Det einaste positive var at vi fekk heilt vår eigen maxitaxi for kun 5 passasjerar, med kjempehyggelege sjåførar👍 dette var drivne kara for dei var ganske kjappe med å hjelpe gardskjerringa med alternativ rute frå Lærdal då dei skjønte at ho skulle vidare med båten....som vi aldri kom til å nå😪dei ordna med bussbillett på dobbeldekker pluss ekspressen med reservert sete👍klapp på skuldra til desse karane som skjønte at gardskjerringa var ganske oppgitt og lei🥰 så da vart det kaffistopp på Håbakken, sponsa av sjåførane🥰menst vi venta på VY bussen.
Og endå kjekkare var det når kjerringa oppdaga at det var ein lokal bussjåfør frå Dale som var sjåfør på ekspressen👍
Så no sit ho i 2.etasje på bussen i eit stort og romsleg skinnsete med armlene, ladeplass, kopphalder og eige bord til kaffien, og kosar seg med sjokoladen sponsa av taxikarane👍
Neste gang ho skal ut å reise så blir det nok ikkje med VY sine tog....👍men litt av målet har ho oppfylt, Norge på kryss og tvers der ho har benytta seg av kollektiv transport heile veka👍og det var jo målet hennar også👍
No gledar ho seg til å koma heim til Låsen, der dyr, veslebudeia, kårfolket og Trellen hennar....heilt sikkert....har sakna ho stort🥰🤣

Ja her kjem eit lite reisebrev frå den reiselystne gardskjerringa👍 ho har det heilt toppers her nede i aust🌞har ingentin...
17/07/2026

Ja her kjem eit lite reisebrev frå den reiselystne gardskjerringa👍 ho har det heilt toppers her nede i aust🌞har ingenting å klage på🥰
Då toget ankom Vikersund, så stod det ein strame og solbrun Vassliås kar og venta, klar for å bringe ho til residensen til hyttefolket på Himmelbjerget med eit staseleg veterankøyretøy, ein flott raud Ford Cortina🚗

Her nede er det verkeleg sommar. 34- 36 grader har målaren vist midt på dagen, så skyggekroker har vert gode å sitte i🥵
Litt utforsking har det jo også blitt..greit å kjøla seg ned med kald luft i bilen😁
Ein flott rusletur på øya der beveren regjere og feller tre over alt...utruleg effektiv kar det der😁🦫 besøk på Hadeland glassverk der pengane fort kunne ha rulla avgårde, men kjærringa skal ta toget heim, så er ikkje så mykje ein då får med seg😁 og sjølvsagt må jo ei gardskjerring og ein utflytta bondekar sjå på litt dyr ila ferien sin....nydelege og flotte fjording hestar, esel, høner, geiter, kaniner og små svarte griser....trur desse grisane hadde fått varmesjokk for dei grynta ikkje, dei breka som sauen og vrinska som hesten🤣
På heimvegen køyrde vi innom eit gardsutsalg som hadde ulike typar grønsaker, egg, kjøtt og urter til salgs....og dette gav gardskjerringa ein liten piff i hennar draum om å starte sitt eige økologiske gardsmatutsalg🌞 så det blir spanande å sjå om ho får realisert den draumen🤞

Etter 2 dagar med beising og ein dag i Bergen by, med nedvask av hybel og køyring av flyttelasset til vesle budeia, følt...
15/07/2026

Etter 2 dagar med beising og ein dag i Bergen by, med nedvask av hybel og køyring av flyttelasset til vesle budeia, følte gardskjærringa at det var på tide å gjere noko heilt anna👍🌞kva med ei reise sørover? Ikkje med bil. Å neida, med kollektiv transport🛳🚆
Med ein spegelblank sjø til utsikt, sette ho seg på morgonbåten til Bergen. Nokre timar med vandring i byen vart det før ho heiv seg med på VY toget retning Oslo🚆
Spektakulært å reisa slik. Blei internasjonal med ein gang foten steig inn på toget, for her aula det av spanjoler, indere, japanesere og franskmenn. Sang, lått og løye i fleire timar💃💃
Ein heilt anna ro og ei heilt anna utsikt enn kva ein er van med frå bilvindauge.....Langt oppi fjellheimen med grøne vatn, hytter, snø, stølar, fjellhotell og sjølvsagt tunnelar😅 Rallarvegen over Finse med mange syklistar på, vandrande fjellturistar over toppane og telting mellom småknausane🏕Utsikt rett på Hardangerjøkulen og Hallingskarvet nasjonalpark.
Ein ny og flott måte å sjå Noreg på🇧🇻🇧🇻 Gardskjærringa har fått meirsmak på togturar og må nok invitera med seg trællen sin på ein slik interrail tur i utlandet neste gang😅
I skrivande stund nærmar ho seg Flå og kjem stadig nærmare målet for dagens etappe, vakre Vikersund. Her skal ho kosa seg og nyte nokre solrike og varme dagar på besøk hos hyttefolket på Himmelbjerget på Låsen❤️
Legg ved nokre bilete.....men ekje alt som blir like vakkert når det er vindaugebilete🙈

FERIE🌞🎉🌞🎉No skal sola, grillings og Peronien nytast🎉🌞🍴No tek gårdskjærringa ein velfortjent ferie🥰 go'vêret er bestilt o...
11/07/2026

FERIE🌞🎉🌞🎉No skal sola, grillings og Peronien nytast🎉🌞🍴
No tek gårdskjærringa ein velfortjent ferie🥰 go'vêret er bestilt og har no komt fram til Vassliåsen🌞
Hærlege dagar/veker skal nytast med bading, grillings, litt jobbing, reising og late dagar i sola🌞Trellen hennar og vesle budeia lyt nok belage seg på å jobba i nokre veker endå👍
God sommar alle saman🌞

Ein flott rusletur i deileg sumarsvêr frå Kusælen og oppatt på Vassliåsen🌞eit heilt anna tempo på sumarsgjestane denne g...
09/07/2026

Ein flott rusletur i deileg sumarsvêr frå Kusælen og oppatt på Vassliåsen🌞eit heilt anna tempo på sumarsgjestane denne gangen👍men innebygd gps må desse dyra ha. Dei luntra så fint heile vegen, ingen avstikkarar i det heile tatt. Men det var nokre hesjegardar som var litt fristande for kalvane🤣
No får vi tru at dei likar seg på det heilt nye beitet her oppe👍er ihvertfall nok mat til dei👍

I går fekk gårdskjærringa testa springeføttene😅men i godt fylgje med 20 dyr i hælane, bonden frå Os, vesle budeia og kår...
15/06/2026

I går fekk gårdskjærringa testa springeføttene😅men i godt fylgje med 20 dyr i hælane, bonden frå Os, vesle budeia og kårkallen👍og huttemegtu så fort det bar avgårde...heilt frå Kjosen og opp i Kusælen. Er eit godt stykke med kappgang når dyra vil på nytt beite i solsteiken🌞 men for ein gjeng med innebygd gps i kroppen. Ikkje ein gang prøvde dei seg utanfor stien eller vegbana🙏
Trur at vi berre opnar grindane når dei skal tilbake hit og luntrar etter dei...for dei kan vegen👍
Vel framme i Kusælen heiv dei seg rundt og leska i seg fjellgras av høgste kvalitet. Og gjetar folket fekk seg ein god kopp kaffi og nydelege solbollar👍

Adresse

Vassliåsvegen 177
Fjaler
6968

Telefon

+4797543569

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vassliås/Ulvik gard legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del