23/04/2014
BLIND JEGER – EI GRIPANDE HISTORIE - VILLMARKSMESSA ETNE - SUNDAG KL 14:00
Søndag kl 14.00 kan du høyra historia til ein jeger som opplevde ei brå og alvorleg ending på jaktlivet sitt. Det var ein fin novemberdag Ivar Vik frå Øystese rusla på jakt i Hardanger. Langt innpå fjellet, langt frå folk. Brått glei han på ein stein, skotet gjekk av og trefte berget, kom tilbake og trefte han i andletet. Der og då vart han blind. Kom og høyr han fortelje om denne dagen og kor fort eit uhell kan endra livet og dagane vidare. Kva kan andre jegarar læra av Ivar si historie. Me i Villmarksmessa synest det er sporty å stilla opp i Litlesalen på messa i Etne 27. april å formidla korleis det var å sitja der heilt åleine i lang tid, når han mellom anna ikkje klarte å slå koden på telefonen. Korleis vart han berga? Som kjent skal den meir kjente Lars Mon- sen og på scenen på Villmarksmessa fredagskvelden. Då me spur- de Ivar om han kunne tenkja seg å komma til Etne søndagen og fortelja om sin mest dramatiske jakttur, tenkte han seg om ei kort stund, før han konkluderte med at det er vel andre som har «hoppa etter Wirkola», og stått, så eg kjem.
Pris: 50,-
Billett får du kjøpt på www.etne-kulturhus.no, telefon 53 75 64 36 eller i inngangen