Lokalbui Tokke

Lokalbui Tokke Handmade treasures and local food made by nearly 30 artists and producers from Tokke under one cozy roof.

31/12/2025

Kjære deg,
Året er over, og vi går i møte eit nytt. I 2025 var Lokalbui eit prøveprosjekt. Det var så vellukka at vi satsar på endå ein sesong i 2026.
I året som gjekk var vi 28 produsentar som bidrog, og dei fleste av oss sit nok igjen med ulike erfaringar. Tilbakemeldingane tilseier at det var ei hyggeleg og positiv oppleving for både produsentar og kundar.

Sesong 2026 blir litt annleis, basert på erfaringane frå 2025, og dette vil bli forklart nærare i eit infoskriv seinare.

Vinteren er ei fin tid for kreativt arbeid. Vi håpar de som er interesserte i å bidra med produkt til neste sesong, kosar dykk med å skape mykje flott. Og vi gler oss til å ta imot dykk besøkande i butikken vi er så innmari stolte av.

Lokalbui er ei fantastisk moglegheit til å gjere ein skilnad for lokale produsentar, og ikkje minst ein sjarmerande attraksjon å skryte av. Her blir noko av sjela til Tokke vist fram. Ekte menneske, ekte skaparglede.

Takk for at nettopp du har produsert og/eller vist interesse, handla, vist vidare til butikken, skrytt, og teke med vener og andre inn. Takk for alle dei fine samtalane – anten det har vore ute på tunet, på trappa eller ved produkta. Takk for dei små augneblinkane, og for at vi fekk bli litt betre kjende med deg.

Vi sjåast til mai 2026
Godt nyttår! ✨

3 dagar igjen!No på sundag er siste dag før Lokalbui stenger for sesongen. Då skal bui vere tømt – så no gjeld det å nyt...
15/08/2025

3 dagar igjen!

No på sundag er siste dag før Lokalbui stenger for sesongen. Då skal bui vere tømt – så no gjeld det å nytte sjansen til å gjere dine siste kjøp, enten det er til deg sjølv eller som gåver.

Underteikna har hatt ein lang og god ferie, og dermed har det vore litt stille her inne i det siste. Likevel har det vore godt med besøk i bui, og mange har funne vegen innom – både norske og utanlandske turistar, alle like begeistra for bygda og det dei finn her.

Gjennom juli og august har det blitt selt litt av kvart: mat, kosedyr, bøker, gensarar, smykke – og mykje meir. Den siste veka åleine har turistvertane fylt ut fleire ark med sal, og det er ekstra stas å høyre når ein veit at det òg blir handla via Vipps.

På sundag blir det evalueringsmøte for Lokalbui. Har du som produsent eller kunde lyst til å dele di erfaring, set vi veldig stor pris på tilbakemelding på e-post: [email protected].

Når det gjeld opning til haustmarknad/jul, er det enno litt usikkert – men det tek vi opp etter møtet, og kjem tilbake med informasjon her.

Vi har fått nytt skilt!Tusen hjarteleg takk til Vetle Lindvåg Johre som har laga dette flotte skiltet til oss – det pass...
12/07/2025

Vi har fått nytt skilt!
Tusen hjarteleg takk til Vetle Lindvåg Johre som har laga dette flotte skiltet til oss – det passar perfekt saman med skiltet til turistinformasjonen. Det vart verkeleg kjempefint! No er det endå lettare å sjå at – hei, her er det òg ei bui.

Vetle har ei verksemd som heiter Johre Trehandverk, og har nokre produkt ståande på turistinformasjonen. Ta gjerne ein kikk på Instagram-profilen hans om du har høve.

Igjen – tusen takk!

Så langt denne veka har Finn, Marianne og Helga hatt vakt. Ein ekstra stor takk til Finn, som både monterte eit bord og ...
09/07/2025

Så langt denne veka har Finn, Marianne og Helga hatt vakt. Ein ekstra stor takk til Finn, som både monterte eit bord og tok med ein stol til sitjekroken – det vart sett stor pris på!

Veka starta med styrtregn, men no skin sola og det er godt og varmt. Det har likevel vore folk innom i rykk og napp – og dei har handla både smått og godt.

To ringar har blitt selde denne veka. Den eine gjekk til ei som kjende att sølvskje-designet frå noko foreldra hennar eig – og no ber ho dei med seg i alt ho gjer. Rørande augeblikk.

Elles har både nordmenn, tyskarar, nederlendarar og britar vore innom og fylt posane med kosedyr, is, egg, hamburgarar, honningkake, honning, te, kjøkkenklutar, marengstoppar, brød, sokkar, korg og flatbrød.

Mange synest det er stas med ei lokal bui som rommar så mykje forskjellig – og det er nettopp dét vi håpar på!

I dag har Katrin Leuze og Martelene Fauske site vakt i Lokalbui. Det har tusla innom litt folk – mest turistar – og det ...
02/07/2025

I dag har Katrin Leuze og Martelene Fauske site vakt i Lokalbui. Det har tusla innom litt folk – mest turistar – og det er like stas kvar gong. Det vart mellom anna selt ein flott blå genser i dag.

--
Nytt sidan førre innlegg:

- Anne Marie har kome med påfyll av flatbrød

- Martelene har lagt til vevde sitjeunderlag

- Me har fått inn ei ny bok: «Bunadband i Telemark» av Sigrunn Lie Brattekås og Eli Vesaas

- Endå fleire fine produkt i drivved av Ingrid Seltveit

- Skredtveit Gard har kome med spekepølser av lam

- Småbruket Moen har levert festkrone/Marensbotn, marengstoppar/pikekyss og koseboks med småkaker

- Harriet har kome med eit stativ fullt av deilige strikka gensarar

--
Anne Ingunn har fått selt bortimot alle sine vakre strikka produkt – og kjem ikkje til å fylle på meir. Godt jobba! 👏🏼

Så er ei ny veke i gong, og styringsgruppa har vore innom for å organisere litt. Me er heile 28 produsentar med stort og...
24/06/2025

Så er ei ny veke i gong, og styringsgruppa har vore innom for å organisere litt. Me er heile 28 produsentar med stort og smått – og det er me veldig stolte av!

Veka har starta med sal av fleire strikka produkt – særleg barnegensarar, nokre kosedyr og litt mat.

Det aukar på med turistar, og på måndag fann ei driftig driftig jentegjeng frå Finland og Sverige vegen innom, slo av ein prat og drog vidare med smil og nokre produkt ekstra. Koseleg med nordiske naboar på besøk!

--

Hugs å skriva kva du har kjøpt når du vippsar til ein produsent, og vis kontrollbiletet til den som sit bak disken i turistinformasjonen viss det ikkje er Lokalbui-vakt til stades.

Takk for at du støttar oss og handlar her – det betyr all verd!

Så var det dag 2 av DalsmarkenSola strålar, og temperaturen er akkurat passe varm. Det raslar i dei store bjørketrea når...
21/06/2025

Så var det dag 2 av Dalsmarken

Sola strålar, og temperaturen er akkurat passe varm. Det raslar i dei store bjørketrea når brisen tek tak, og du kan lett ta deg i å smila for deg sjølv medan du tek inn alt det vakre rundt deg. Ein kjenner verkeleg på sommarkjensla i dag!

Midt i idyllen tuslar ein forbi folk med handleposar, medan ein summande lyd av skravling, barnelatter og musikk overdøyver dei dansande lauva. Parkeringsplassane er fulle, og frå scena i sentrum er det tydeleg liv og røre til stor glede for publikum.

Utanfor Lokalbui blir det blåst såpebobler, det småpratast på trappa, og besøkande – mange langvegsfrå – blir tekne imot av dagens vertar Katrin Leuze (Kling) og Åshild Løvold (Skredtveit Gard).

Det blei selt mykje forskjellig: strikka julekuler, gensarar og bordpynt. Filleryer som skal pynte opp på hytta, ostehøvel med elgmotiv – og nydeleg lokalmat.

Flatbrødet er no heilt utseld, og det kan ta ei stund før det eventuelt kjem påfyll. Det har verkeleg vore ein suksess, og vi er takksame for at så mange har fått smake på det. Godt jobba, Anne Marie!

Takk til alle som har vore innom, handla og teke seg tid til ein prat, eit hei eller eit nikk. Dei minutta ein gir, er så verdifulle – dei skapar akkurat den vesle lomma av hygge som trengst for at trivselen veks, og banda blir sterkare – både mellom folk og til bygda sjølv.

Takk for eit flott arrangement, Dalsmarken! Det har vore ei sann glede. Kva fekk du med deg frå Dalsmarken – av både opplevingar og skattar?

Lokalbui held ope i morgon òg – og kvar dag frå 10 til 18 framover (til kl. 16 no på søndag).

Nyt resten av helga!

God dag, godtfolk!No er Dalsmarken open, og det myldrar allereie med besøkande. Boder og stands er på plass, og det lukt...
20/06/2025

God dag, godtfolk!

No er Dalsmarken open, og det myldrar allereie med besøkande. Boder og stands er på plass, og det luktar nydelege nystekte lappar, popcorn og god mat. Serveringsstadene lokkar, og det ligg ei søt glede og forventning i lufta.

I Lokalbui er det òg mykje som skjer. Det har kome påfyll frå fleire av produsentane – og nye har slengt seg med! Velkomen til Kjell Arne Neverdalen med sine bruksknivar og Vegard Døli frå Mule gard med flotte skinnfellar.

Jørund Håvard Askje frå Skredtveit Gard stakk òg innom med nytt påfyll – nett i det ei kunde hadde handla varer frå garden deira. Artig samantreff! Me har òg fått merket vårt på vindauget – takk til Tokke kommune for det!

Førre veke var det ope kvar dag, noko som kom overraskande på fleire. Turistinformasjonen fekk tak i fleire vakter og kunne difor halde ope kvar dag tidlegare enn planlagt. Det synest me var stas – og me beklagar samstundes at det ikkje vart informert om dette tidlegare i veka.

Fleire har opplevd godt sal. Linda Grytten sat vakt her om dagen og kunne melde om flott sal av mat, gensarar, korger og bøker – heilt fantastisk!

I dag (fredag) er det Gunn frå Småbruket Moen som sit vakt. Dei har fylt på med store mengder varer – mellom anna is, Honningknas (granola) i gåveglas, nybaka honningkaker og glutenfrie nøtteruter med karamellostekrem og bær. Elles vart det selt mykje iskrem og flatbrød, ryer og gensarar.

Kom gjerne og titt innom! Kanskje fell du for eit deilig vove sitjeunderlag eller ein varm og god gensar til kjølige dagar? Ei stav til fjellturane, eller lavendelduftande puter til klesskapet eller soverommet? Me har så mangt!

Og medan me er inne på det – me får av og til spørsmål om det faktisk er folk innom Lokalbui, og om det blir selt noko. Til det må me få seia eit rungande JA! Me opplever at både lokale og turistar har omfamna oss og tek turen innom jamleg.

Me gler oss til å sjå deg – hjarteleg velkomen innom!

Det har vore ein fin og roleg dag i Lokalbui – ein sånn dag der ein set seg tilbake etterpå og kjenner på kvardagslukka....
09/06/2025

Det har vore ein fin og roleg dag i Lokalbui – ein sånn dag der ein set seg tilbake etterpå og kjenner på kvardagslukka.

Vi har fått ein ny produsent: Julie Konstanse Veen Hagen – velkomen! Ho er òg turistvert, og spurde tidlegare om det var plass til henne òg. Ja, sjølvsagt er det det, fekk ho til svar. I dag tidleg låg nye hekla leiker i hylla, klare for nye heimar. Men kor lang tid ville det ta, tru?

I løpet av dagen kom tre andre produsentar innom. Nokre fylte på etter sal, medan andre berre ville kikke inn og slå av ein prat ute i sola – kjempekoseleg!

Fleire tilreisande og lokale var innom. Dei rusla bedageleg rundt og beundra alt handverket. Knivar og smykke fekk særleg mykje merksemd.

Så hadde vi innom ein familie med ein yngre gut som fall for ein hekla slange. No er han ute på eventyr med sin nye, unge eigar.

Ei av småjentene som har vore innom oss kvar gong Lokalbui har vore open i det siste, kom saman med mammaen sin i dag. Den gleda ho strålte av då ho stolt tok med seg det nye kosedyret sitt... altså, ein blir jo rørt!

Så, Julie – i dag er svaret på når produkta dine får nye heimar. Kos deg med å hekle fleire!
Og takk for alt det flotte de produserer, alle dykk andre produsentar òg. Lokalbui er verkeleg ein stad å vere stolt av.

Vi sjåast neste gong laurdag og søndag, 10-16.

I dag kom det inn Kling frå Katrin Leuze, og det tok ikkje mange minutt før den første kunden tok med seg ein heim til s...
08/06/2025

I dag kom det inn Kling frå Katrin Leuze, og det tok ikkje mange minutt før den første kunden tok med seg ein heim til søndagskaffien. Sidan har fleire vorte selde. Er det ikkje herleg?

Fleire unge par har vore innom i dag. Eitt av dei fall pladask for ein blå traktorgenser strikka av Anne Ingunn Heddeslid – som no blir ei gjevaste gåve.

Marianne Bøgh Stømner kom òg innom og fylte på med søte hekla figurar og teppe, samt nokre klesplagg.

Ellers har Skredtveit Gard fylt opp med nakkekotelett, kotelett og indrefilet – alle tre av svin.

Småbruket Mo har no klare valnøttbrød, lavkarbobrød utan mjøl og gjær, og nøtte- og mandelbotnar – klare til ønskt fyll. Isen deira er elska av mange. Den med mjølkesjokolade smakar forresten som kakao – berre som is. Nydeleg!

Og Anne Marie har fått med seg at folk elskar flatbrøda hennar med rosmarin og havsalt – og har fylt opp med nye posar.

Me held ope i morgon frå 10 til 16 – stikk gjerne innom for ein kikk, litt handel og ei laus pratestund!

Då er nok ein hyggeleg Oldemors gatefrukost vel overstått, og det har vore ei fryd å sjå all aktiviteten her i Dalen sen...
07/06/2025

Då er nok ein hyggeleg Oldemors gatefrukost vel overstått, og det har vore ei fryd å sjå all aktiviteten her i Dalen sentrum. Og heldige som vi var, kika sola fram og lokka fleire folk ut i gatene.

Bugnande serveringsbord med mat, langbord fulle av latter, smil og glede. Det har vore leikesal på plenen, leik og moro i parken, og ambulansepersonell har vore på vakt. Tempotreffet gjekk òg av stabelen like ved, og dei omliggande butikkane har hatt det travelt. Bistroen og House of Madagascar har servert deilig mat og drikke, medan nøsta har flydd ut hjå Nøsteriet. Blomsterbua stiller så fint i forkle – og gir verkeleg ei kjensle av Oldemor, medan plantar blir tekne med heim til nye hus og hagar. Samstundes har kundar trufast vore innom Vinjerui – både for ein prat og for vakre produkt. Herre min hatt, for eit heidundrande initiativ!

Her i lokalet har Julie hjå Turistinformasjonen hjelpsamt rettleia turistane som stadig kjem innom, og Lokalbui har òg hatt mange besøkande. I dag var det Finn og ei anna som sat vakt, og òg her har det blitt seld produkt. Finn fekk selt noko av sitt, eit større måleri vart selt, og mange har vore nysgjerrige på maten her og fått prøvd fleire ulike smakar.

Tekstilprodukt har fått mykje skryt og beundring – noko har vorte selt, medan andre ting har vekt nysgjerrigheit og fleire spørsmål. Fleire småjenter var heilt månefallne over armbanda, ringane og dei hekla figurane. Dei kom innom fleire gonger for å beundre dei – og har allereie skrive dei opp på ønskjelista si.

Vi bidreg alle saman til ei god oppleving – både bedrifter og besøkande – og vi håpar dei andre lokale verksemdene òg har merka den ekstra folkemengda. Så takk alle saman for ein nydeleg dag – det er godt å vere i Dalen no!

Adresse

Aasmund Nordgaards Veg 1
Dalen
3880

Åpningstider

10:00 - 15:00

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Lokalbui Tokke legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del