30/06/2026
Midtsommar er passert. Vi har dei ljosaste døgna i året og Noreg er i 8 dels finale i VM!🇧🇻🇧🇻
I tida framover tek mange friluftsglade folk turen til Skjåk og opplev det vi har å by på. I denne samanhengen opplyser vi om nokre moment det er viktig å hugse på;
🔥 Respekter bålfordbod og brannfare.
🦌 Fylg villreinvettreglane. Reinen har meir enn nok uromoment i form av brems og andre irriterande insekt denne årstida. Sommaren er også tida for å feite seg opp til eit nytt vinterhalvår. Ta derfor så gode forhåndsreglar og val som mogleg for å unngå uro.
🦮 Respekter bandtvangen. Både for andre friluftsglade, vilt og beitedyr.
🐄🐑 Det er mykje beitedyr i områda våre. Ta forhåndsreglar i møte med kuflokkar og lat att grinder. Meld frå om sjuke dyr og kadaver til tlf. 45323381.
🎣 Vatna i almenninga er rekordtidleg isfrie. Send oss gjerne fangstrapportar frå fisking til [email protected].
🏡 Utleigehyttene våre er tilgjengelege. Her er det sjølvbetjeningsprinsipp som gjeld og at ein vaskar seg ut etter bruk. Reis frå hytta slik at du er sikker på at neste som kjem der er tilfreds og vel så det. Små gleder i fjellet blir ekstra store. ☺️ Meld frå om det skulle mangle eller nærmar seg tomt av materiell som hyttene skal vere forsynte med (ved, gass, stearinlys, fyrstikker, papir). Vi set også pris på å få attendemelding om andre ting som eventuelt er i uorden og treng vedlikehald.
Vi ynskjer alle ein god sommar!☀️ PS! Vi har enda ikkje hatt ei frostnatt. Det kan bli eit god bærår🫐