07/09/2022
🏄🏼♂️Barnas Turlag Surfekurs🏄🏼♂️
Endelig kan vi annonsere at det blir surfekurs i år også! Det er gratis for alle påmelde barn mellom 5 og 10 år.
Vi sammarbeida i år, som i fjor, med Ervik Surfshop
Dei kjem med tre dyktige instruktørar og vi i barnas turlag har med tre voksne hjelparar i vatnet ved kvart surfe kurs.
Ervik Surfshop stiller med drakter, sko, hetter, surfbrett og masse kunnskap.
Vi i Barnas Turlag stiller med ei trygg hand å holde i, litt orden i køa når barna skal surfe og ein varm grill der vi kan grille lunsjen vår etter surfinga.
Du som er med er mellom 5 og 10 år og du kjem ilag med mamma eller pappa. Dei får ikkje komme i vatnet, men må holde seg på stranda i tilfelle du treng ei trygg favn.
Det er satt opp 4 laurdags føremiddagar frammover.
17.9 klokka 11-13. FULLT
24.9 klokka 11-13. FULLT
01.10 klokka 11-13
08.10 klokka 11-13
For at flest mulig skal få være med, so har vi påmelding.
Kontakt Merete Borgundvåg Pettersen på chat eller send ho en SMS på 95844727 innen 13.09.
I denne meldinga treng ho:
-Fullt navn på barnet
-Alder (klesstr til drakta)
-Sko str
-ønska dato for kurs
I første omgang er det berre mogleg å ønske seg ein dato. Om ikkje alle 10 plassane blir fyllt ved første påmelding, so kjem det til å bli opna for å ønske seg fleire daga.
Tenk kor heldige vi er som har Ytre Nordfjord Turlag i ryggen. Dei støttar oss i våre sprell og påfunn. Det er deira fortjeneste at vi kan holde kurs i år og. Tusen hjertelig TAKK.
Vi gleda oss til å sjå nettopp DEG i vatnet i år