Jau, ifylgje ein som har greie på slikt er handelsmøte eit gamalt navn på små marknadar som fanst i bygdene rundt om før i tida. Då som no har ein her sjansen til å både kvitte seg med- og kare til seg smått og stort, heimelaga og bortelaga. Startskotet for handelsmøtet vårt går 18. Me håpar me ser deg der!
2. Handelsmøte i Gamleveg går deretter av stabelen kvar siste laurdag i månaden. Du finn
oss i delar av garasjebygget like ved Silkevippa, rimeleg midt i Åmot sentrum. Fram til me går inn i eit nytt år, vil det vera liv og røre i garasjen og det me vel kan kalle Silkevippa sin bakgard 29. september, 27. oktober og 24. november (sistnevnte som ei avrunding av haustsesongen i form av ein umåteleg sjarmerande jolemarknad).
3. Huga på å prøve deg som kremmar? Så flott! Då hiv du deg over telefonen eller tastaturet og kontaktar Kari Nordstoga ( 46 67 67 21 / [email protected]) eller Anna Vinjerui Lid ( 40 29 53 81 / [email protected]). Det er gratis å stille med varer, og i tillegg kjem du nærmast til dekka bord. Bordet er der iallefall - dekkinga overlet me til deg!
4. Handelsmøterekvisittar
Sit du med eit gamalt bord, ein stol, ein krakk eller eit oljefat (av alle ting!) som du helst hadde sett at ikkje stod der og tok opp plass? Me er på jakt etter handelsmøterekvisittar, og tek imot med opne armar og eit stort takk! Kontakt Kari Nordstoga ( 46 67 67 21 / [email protected]) eller Anna Vinjerui Lid ( 40 29 53 81 / [email protected]).