06/05/2026
Bokkveld torsdag 7/5 kl 19.00 i Voss Bokhandel. Elisabet Vallevik Engelstad: "Vinklingar. Om Olav H. Hauge. Om dikt og diktarar."
I 1966 fekk Elisabet Vallevik Engelstad eit brev frå Olav H. Hauge. Brevet inneheldt diktet «Vinden har so mykje å fortelja i vår»: «Du lyt ha det fordi du har vore gild å snakka med meg og sendt meg nokre ord. Kvar gong du har pikka på døri, har eg vorte glad, og vert det òg, det er alt eg vil segja.»
Olav H. Hauge levde heile livet i Ulvik. Han kunne nok i store delar av livet kjenna seg einsam og utanfor, men hadde eit livslangt samkvem med store diktarar og tenkjarar frå fortid og samtid. Det er ikkje vasstette skott mellom kvardagsliv, lesing og skriving i Hauges tilvære.
Med utgangspunkt i venskapen med Hauge syner Engelstad korleis både det lokale og internasjonale, gjennom forfattarar som Emily Dickinson, Antonio Machado og René Char, påverka og inspirerte diktaren.
Møt forfattaren i samtale med forleggjar Kjartan Helleve.
Alle hjarteleg velkomne!